Dukagjini

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Dukagjini er ein region nord i Albania og vest i Kosovo, der fjellkjeda Prokletije ligg. Ho er ei forlenging av Dei dinariske Alpane. Det høgaste punktet her er Maja Jezerce på 2694 moh.

Regionen er ein del av distriktet Shkodër i Albania.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dukagjini var ein region som først fekk namn under fyrst Pal Dukagjini seint på 1300-talet. Den opphavlege hovudstaden hans var Lipljan, som i dag ligg i Kosovo. Sonen hans, Lekë Dukagjini, vart fødd her og har gjeve namn til regionen. Leka vart leiar for den albanske motstanden mot åtaka til osmanarane. Sjølv om tyrkarane dominerte området i 500 år, vart Dukagjini nærast sjølvstendig frå resten av Albania, i lag med Malësi e Madhe. Det kuperte terrenget og eit godt samhald mellom innbyggjarane hindra at tyrkarane klarte å utøve for stor makt i området.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]