Albania

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
Republika e Shqipërisë

(norsk: Albania, albansk)

Det albanske flagget Det albanske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Hymni i Flamurit (Salmen for flagget)»
Geografisk plassering av Albania
Offisielle språk Albansk
Hovudstad Tirana
Styresett
Demokratisk republikk
Bujar Nishani
Edi Rama
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
28 748 km² (142.)
4,7 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Tettleik
 
3 002 859 (136.)
104,5 /km² (63.)
Sjølvstende
frå Det osmanske riket
28. november 1912
Nasjonaldag 28. november
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
23 950 mill. USD (113.)
7 400 USD (100.)
Valuta Lek à 100 qindarka
Tidssone UTC +2
Telefonkode +355
Toppnivådomene .al


Albania (albansk: Republika e Shqipërisë) er eit middelhavsland i Søraust-Europa. Landet grensar til Montenegro i nord, Kosovo i nordaust, Republikken Makedonia i aust, Hellas i sør, Adriaterhavet i vest og Det joniske hav i sørvest. Landet er eit ganske nytt demokrati, med det fulle namnet Republikken Albania.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kart over Albania
Sjå òg Albansk geografi

Ås- og fjellterreng utgjer mykje av landområda i Albania, der det høgaste fjellet, Korab i distriktet Dibra, strekkjer seg opp til 2 753 m. Bortsett frå hovudstaden Tirana, som har 800 000 innbyggjarar, er dei største byane Durrës, Elbasan, Shkodër, Gjirokastër, Vlorë, Korçë og Kukës. I albansk grammatikk kan ord ha både bestemt og ubestemt form, og dette gjeld òg for byar. Derfor er òg Tiranë og Tirana, og Shkodër og Shkodra brukt.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Albania har eit klassisk middelhavsklima, men har om lag dobbelt så mykje regn som til dømes Roma i Italia. Frå november til midt på våren kan ein vente regn om lag annakvar dag, men ein har og ein god del sol og mildvær i løpet av vinterhalvåret. Sommaren er varm og fuktig, men ein lett nordavind gjev meir behaglege forhold på kysten. Om lag ein gong i veka sveipar torebyger innover landet og vidare inn i Makedonia. Enkelte fjellområde er høge nok til å få ein god del snø og kaldt vêr om vinteren. Fjellområda er elles blant dei områda i Europa som får mest nedbør. Tirana har ein årleg nedbørsnormal på 1353 mm, men i enkelte av månadane på hausten regnar det ikkje så mykje mindre enn i Bergen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Albania

Denne spireartikkelen kan utvidast ved hjelp av den utfyllande artikkelen «Albania» på Wikipedia på bokmål/riksmål.

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.