Dykkarsjuke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dykkarsjuke

Trening på bruk av overtrykkskammer i den amerikanske marinen.
Klassifikasjonar og ressursar
ICD-9-kode:993.3
ICD-10-kode:T70.3
DiseasesDB3491
eMedicineemerg/121
MeSHD003665

Trykkfallsjuke, ofte kalla dykkarsjuke, er ein tilstand som kan råka dykkarar om dei stig opp frå større djupner for raskt til at gass som nitrogen, som kroppen har teke opp i større mengder, kan frigjerast trygt frå vevet. Ved trykkfallsjuke vil gassen danna bobler vevsvæska og blodet som kan setja seg fast i små blodårer og gje skader. Sjølv om tilstanden er vanlegast ved dykking, kan han også oppstå på grunn av andre store, raske trykkforandringar, som ved romvandringar eller under flyging med rask oppstiging utan trykkabin.

Symptom på trykkfallsjuke er smerter, særleg leddsmerter. Ein kan også få kløe og utslett. Ved alvorlege tilfelle kan nervesystemet påverkast, og ein kan oppleva lamming i armar og bein. Bobler i hjernevevet eller arteriar i hjerne kan føra til at ein pasient blir svimmel, svimer av eller frå krampe. Blodsirkulasjonen kan også hemmast av stor bobledanning i blodårene til hjarte og lunger og gje ein livstruande tilstand. Lungesprenging kan gjera at ein pasient opplever svie i brystet, blir kostpusta, hoster og får aukande åndenaud.

Ein førebyggjer typisk trykkfallsjuke ved å stiga sakte og trinnvis. Ein kan også redusera faren for sjukdommen ved å pusta inn rein oksygen før trykkfallet. Det er store individuelle skilnader for å ha risiko for å utvikla trykkfallsjuke, og sjukdommen kan til dømes oppstå om ein stig (til dømes ved å flyga) kort tid etter dykking.

Sjukdommen kan behandlast ved rekompresjon i eit overtrykkskammer og hyperbar oksygenbehandling (tilførsle av rein oksygen med overtrykk). Enkel oksygentilførsel og væsketilførsel kan også vera til hjelp ved mindre alvorlege tilfelle, eller hjelpa til med å gjera seinare trykkammerterapi meir vellukka.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Waaler, Bjarne A. «Dykkersyke» (29. mai 2013). Store norske leksikon.
  • Hauge, Anton. «Dykkersyke» (23. april 2013). Store medisinske leksikon.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]