Flyging
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flyging er det å røra seg gjennom lufta utan å ha kontakt med bakken. Ei rekkje dyr flyg ved hjelp av vengjer som dei kan bruka til å løfta og gli på luftstraumar med. Fleire menneskeskapte fargreier kan også flyga ved hjelp av ulike teknikkar, som mekaniske vengjer, propellar og ballongar. Læra om rørsle i luft kallar me aerodynamikk.
Flaggermus og mange fuglar og insekt er kjende for å kunna flyga. Flygeekorn og flygefisk kan berre få til glideflukt. Menneskeskapte luftfartøy er mellom anna fly, helikopter, luftskip og varmluftsballong.