Dyrekrinsen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Zodiakmannen frå Très Riches Heures du Duc de Berry.
Dyrekrinsen eller zodiaken viser til eit tenkt belte av stjerneteikn som går rundt jorda langs ekliptikken. Dei fleste stjerneteikna har namn etter dyr. Omgrepet blir brukt innan astrologi, der kvart stjerneteikn skal ha særskilde eigenskapar.
Innhaldsliste |
Inndeling [endre]
Dei tolv stjernetikna i dyrekrinsen er:
- Vêren (Aries) 21. mars - 20. april
- Tyren (Taurus) 21. april - 20. mai
- Tvillingane (Gemini) 21. mai - 21. juni
- Krepsen (Cancer) 22. juni - 23. juli
- Løva (Leo) 24. juli - 23. august
- Stjerneteiknet Jomfrua (Virgo) 24. august - 22. september
- Vekta (Libra) 23. september - 21. oktober
- Skorpionen (Scorpio) 22. oktober - 21. november
- Skytten (Sagittarius) 22. november - 21. desember
- Steinbukken (Capricorn) 22. desember - 19. januar
- Vassmannen (Aquarius) 20. januar - 19. februar
- Fiskane (Pisces) 20. februar - 20. mars
Stjerneteikna er delte inn i fire grupper som svarer til dei fire elementa frå gresk antikk. Teikna knytte til eld er Vêren, Løva og Skytten, dei knytte til jord er Tyren, Jomfrua og Steinbukken, dei til luft er Tvillingane, Vekta og Vassmannen, og dei til vatn er Krepsen, Skorpionen og Fiskane.
Sjå også [endre]
Kjelder [endre]
- «Dyrekrinsen» i Nynorskordboka til Dokumentasjonsprosjektet.
- Denne artikkelen bygger på «Dyrekretsen» frå Wikipedia på bokmål, den 18. juli 2010.