Krepsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Krepsen
Krepsen
Krepsen
Latinsk namn Cancer
Forkorting Cnc
Genitivsform Cancri
Symbologi Frå grekarane
Rektasensjon 9 h
Deklinasjon +20°
Areal 506 kvadratgrader
nr. 31 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
0
Sterkaste stjerne β Cnc (Altarf) (3,5. mag.)
Meteorsvermar
Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +90° og −60°

Krepsen (frå latin Cancer) er eit stjernebilde på den nordlege himmelhalvkula. Det er ein del av Dyrekrinsen og er eit mellomstort stjernebilete med eit areal på 5,6 kvadratgrader. Stjernene er heller lyssvake og den mest lyssterke stjerna Beta Cancri har ein tilsynelatande storleik på 3,5. Det har to stjerner med kjende planetar, inkludert 55 Cancri, som har fem: ei superjord og fire gasskjemper, der den eine er i den habitable sona og har derfor venta liknande temperaturar som jorda. I midten av stjernebilete ligg Bikubehopen (Messier 44), ein av dei opne hopane som ligg nærast jorda og eit populært mål for amatørastronomar.

Karakteristikk[endre | endre wikiteksten]

Krepsen er eit mellomstort stjernebilete som grensa til Tvillingane i vest, Gaupa i nord, Den vesle løva i nordaust, Løva i aust, Vasslangen i sør og Den vesle hunden i sørvest. Dei offisielle grensene til stjernebiletet vart sett av Eugène Delporte i 1930, og er ein polygon med ti sider. Det dekkjer 5,6 kvadratgrader eller 0,921 % av himmelen. Det er rangert som det 31. største av dei 88 stejrnebileta.

Kjende objekt[endre | endre wikiteksten]

Stjerner[endre | endre wikiteksten]

Kreften er det mest lyssvake av stjernebileta i dyrekrinsen, og har berre to stjerner over 4. storleiksklasse.[1] Den tyske kartografen Johann Bayer brukte dei greske bokstavane alfa til omega som nemning på dei mest markante stjernene i stjernebiletet, etterfølgd av bokstavane A, så små bokstavar b, c og d.[2]

Stjernebiletet Krepsen slik det er for det nakne auga. AlltheSky.com

Beta Cancri, eller Altarf, er den mest lyssterke stjerna i Krepsen med storleiksklasse 3,5 og ein avstand på 290 lysår frå jorda.[3] Det er ei dobbeltstjerne der hovudkomponenten er ei oransje kjempe med spektralklasse K4III som varierer noko frå eit snitt på storleiksklasse 3,53—og fell 0,005 i styrke over ein periode på 6 dagar.[4] Ho er ei aldrande stjerne og har utvida seg til å bli kring 50 gonger så brei som sola og skin med ein lysstyrke som er 660 gonger så kraftig som sola. Følgjestjerna er ein lyssvak raud dverg med storleiksklasse 14 som ligg 29 bokesekund unna. Ho har ei omlaupstid på 76 000 år.[3]

Delta Cancri, eller Asellus Australis, er ei oransje kjempestjerne med storleiksklasse 3,9, 131 lysår frå jorda. Delta Cancri gjer det enkelt å finne X Cancri, den raudaste stjerna på himmelen.

Gamma Cancri, eller Asellus Borealis, er ei kvit subkjempe klasse A med storleiksklasse 4,7, 181 lysår frå jorda.[1]

Iota Cancri er ei vid optisk dobbeltstjerne. Primærstjerna er ei gul lys kjempestjerne klasse G med storleiksklasse 4,0, 300 lysår frå jorda. Sekundærstjerna er ei kvit hovudseriestjerne klasse A med storleiksklasse 6,6.[1] Ein kan lett sjå begge to i eit lite teleskop.

Alfa Cancri (Acubens) er ei dobbeltstjerne med ei primær med storleiksklasse 4,26, 174 lysår frå jorda. Sekundærstjerna har storleiksklasse 12,0 og er synleg i små teleskop. Primærstjerna er ei kvit dvergstjerne klasse A.

Zeta Cancri eller Tegmine er eit fleirstjernerystem med minst fire stjerner, 83 lysår frå jorda. Dei to mest lyssterke er ei dobbeltstjerne med omlaupstid på 1100 år; den lyssterke komponenten er ei gul stjerne og den meir lyssvake er ei gul stjerne med storleiksklasse 6,2. Den lyssterke komponenten er igjen ei dobbeltstjerne med ein periode på 59,5 år.[1]

Rho-1 Cancri eller 55 Cancri er ei dobbeltstjerne kring 40,9 lysår frå jorda. 55 Cancri består av ein gul dverg og ein mindre raud dverg, med fem planetar som krinsar rundt primærstjerna. Ein av planetane har låg amsse, og kan anten vere ein varm, vassrik verd, eller ein karbonplanet. Dei fire andre er gasskjemper. 55 Cancri A er klassifisert som ei sjeldan «super metalrik» stjerne.

Djupromsobjekt[endre | endre wikiteksten]

Krepsen er mest kjend for Bikubehopen (Messier 44), ein open hop som ligg midt i stjernebiletet. Han ligg 577 lysår frå jorda og er ein av dei nærmaste opne hopane til solsystemet vårt. M 44 inneheld kring 50 stjerner, og den mest lyssterke er Epsilon Cancri med storleiksklasse 6,3. Bikubehopen er òg ein av dei større opne hopane som er synlege, med eit areal på 1,5 kvadratgrader, eller tre gonger så stor som fullmånen.[1] Han er lettast å sjå når Krepsen står høgt på himmelen. Nord for ekvator er denne perioden frå februar til mai. Det var eit av dei første objekta Galileo observerte i teleskopet sitt i 1609 og han såg 40 stjerner i hopen. I dag er det kring 1010 stjerner som kan vere medlem og 68% av dei er raude dvergar.

Den mindre, tettare opne hopen Messier 67 ligg òg i Krepsen, 2500 lysår frå jorda. Han har eit areal på kring 0,5 kvadratgrader, same som fullmånen. Han har kring 200 stjerner, og dem mest lyssterke har storleiksklasse 10.[1]

QSO J0842+1835 er ein kvasar som vart brukt til å måle gravitasjonsfarten i VLBI-eksperimentet utført av Edward Fomalont og Sergei Kopeikin i september 2002.

OJ 287 er eit BL Lac-objekt som ligg 3,5 milliardar lysår unna og som har produsert delvis periodiske optiske utbrot og dukka opp på fotografiske plater frå 1891. Han vart først funnen med radiobølgjer under Ohio Sky Survey. I sentrum er eit supermassivt svart hòl som er av dei største ein kjenner til, med ein masse på 18 milliardar solmassar,[5] meir enn seks gonger verdien for det nest største kjende objektet.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Ridpath 2001, s. 94–95
  2. Wagman 2003, s. 60.
  3. 3,0 3,1 Kaler, James B. «Al Tarf (Beta Cancri)». Stars. University of Illinois. Henta 22. juni 2016. 
  4. Watson, Christopher (3. mai 2013). «NSV 3973». AAVSO Website. American Association of Variable Star Observers. Henta 22. juni 2016. 
  5. doi:10.1038/nature06896
  6. Shiga, David (10. januar 2008). «Biggest svart hòl in the cosmos discovered». NewScientist.com news service. 
  • Denne artikkelen bygger på «Krepsen» frå Wikipedia på engelsk, den 22. juni 2016.
  • Allen, Richard Hinckley, Star Names: Their Lore and Meaning, Dover, ISBN 0-486-21079-0 
  • Ridpath, Ian (2001), Stars and Planets Guide, Wil Tirion (3. utg.), Princeton University Press, ISBN 0-691-08913-2 
  • Ridpath, Ian (2007), Stars and Planets Guide, Wil Tirion (4. utg.), Princeton University Press, ISBN 978-0-691-13556-4 
  • Liungman, Carl G., Dictionary of Symbols, W. W. Norton & Company, ISBN 0-393-31236-4 
  • White, Gavin (2008), Babylonian Star-lore, Solaria Pubs 
  • Wagman, Morton (2003). Lost Stars: Lost, Missing and Troublesome Stars from the Catalogues of Johannes Bayer, Nicholas Louis de Lacaille, John Flamsteed, and Sundry Others. Blacksburg, Virginia: The McDonald & Woodward Publishing Company. ISBN 978-0-939923-78-6. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Krepsen

Koordinatar: Sky map 09h 00m 00s, +20° 00′ 00″