E-læring

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

E-læring (forkorting for elektronisk læring) er ei interaktiv form for distribuert opplæring, der dei som lærer, får lærestoffet presentert via Internett og svarar på oppgåver via nettet. Eleven får òg respons på oppgåvesvar, menyvalg m.v., anten frå eit dataprogram eller frå ein lærar.

Når undervisninga går føre seg på mobilt utstyr, som mobiltelefonar eller lommedatamaskiner, vert e-læring gjerne kalla m-læring.

Historie[endre | endre wikiteksten]

E-læring har utspringet sitt i CD-ROM-kurs, som tidleg vart nytta til datamaskinbasert læring. Etter kvart som kapasiteten på Internett auka, byrja ein å ta i bruk nettet som eit alternativ til CD-plater som distribusjonsmedium for slike kurs.

Innhaldet i CD-ROM-kursa var monolittisk, dvs. ikkje lett å dela opp i modular for ombruk, og som oftast integrert i sjølve presentasjonsprogrammet, som hadde sitt eige system for navigering mellom leksjonar.

Med Internett-distribusjon kom ideen om å skilja innhaldet frå presentasjonslogikken, og det vart utvikla reine LMS som var uavhengige av innhald.

Kursutviklarar tok til å laga ombrukbare læremodular (kurspakkar utan eigne, interne navigasjonssystem) for import i LMS-applikasjonar som tek seg av det presentasjonstekniske med leksjonssekvensiering og elevoppfølging.

I dag er det kombinasjonen av slike kurspakkar og LMS-nettstader som vanlegvis utgjer det vi kallar e-læring.

E-læring vert teken i bruk i stadig aukande grad i Noreg, spesielt til bedriftsintern opplæring, der det kan vera mykje pengar å spara på å sleppa å senda dei tilsette av garde på reise kvar gong dei skal ta eit kurs.

LMS[endre | endre wikiteksten]

LMS er ei forkorting for det engelske Learning Management System (iblant kalla Learning Content Management System), og er eit kjerneomgrep i distribuert undervisning. Eit komplett e-læringssystem er samansett av eit LMS (skulen) og éin eller fleire e-læringspakker (kursa) med fagleg innhald. Det er LMS-et som registrerer elevane, held orden på pensum og progresjon for kvar einskild, og syter for at lærestoff frå rett kurs kjem til rett elev i rett tid.

Lærarane må vera med og utforma og godkjenna kurs, men eit e-læringssystem med ein god LMS-applikasjon krev minimalt med innsats frå både lærarar og administratorar etter at eit kurs er starta. Systemet bør likevel gje elevane høve til å kommunisera med ein menneskeleg lærar når dei treng dét.

Standardar[endre | endre wikiteksten]

Det finst eit ferdig sett med standardar for modulær lagring og distribusjon av kurs for opplæring via web. Dette heiter SCORMTM. (Andre standardar er òg under utvikling.) SCORM inkluderer m.a. spesifikasjonar laga av organisasjonen IMS Global Learning Consortium, til dømes standardformat for XML-presentasjon av lærestoff. Det finst gratisprogram på nettet for å pakka lærestoff i SCORM-pakker. Slike kurspakker kan flyttast fritt mellom ulike LMS (vel å merkje dersom LMS-a følgjer dei same standardane).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Om standardar for e-læring[endre | endre wikiteksten]

Døme[endre | endre wikiteksten]