EUROSONG 2013 - a MAD show

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

EUROSONG 2013 - a MAD show var ein gresk musikktevling som vart arrangert 18. februar 2013. Vinnaren fekk representere Hellas i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige.

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Finalen fann stad 18. februar 2013 i Gazi Music Hall i Aten i Hellas.[1][2] Tevlinga vart leia av Déspina Vandí og Jórgos Kapoutzídis, og vart sendt direkte på ET1.[2]

Finalen – 18. februar 2013
# Artist Song Språk Låtskrivar Plass
Aggelikí Iliádi «Xílies kai Mía Níkhtes» Gresk Iais Filippou og Kyriákos Papadópoulos
Thomaí Apérgi «One Last Kiss» Engelsk Aris Nikolakopouaos og Jórgos Gékas
Alex Leon og Giorgina «Angel» Engelsk Alex Leon
Koza Mostra og Agáthonas Iakovídis «Alcohol Is Free» Gresk og engelsk Státhis Pakhídis og Elias Kozas 1

Pausenummer[endre | endre wikiteksten]

Elleve songarar og musikkgrupper vil framføre ulike songar i finalen. Élena Paparízou og Vicky Leandros vil framføre songen «Après toi», Alexander Rybak vil synge med Kóstas Martákis, Ruslana med Eléni Fouréïra, Dima Bilan med Demy og Marija Šerifović med Vegas. I tillegg vil Elefthería Eleftheríou som representerte Hellas i 2012 framføre ein song i finalen.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Fotnotar[endre | endre wikiteksten]