Alexander Rybak
| Alexander Rybak Алякса́ндр Рыба́к |
|
Alexander Rybak i Buta Palace i Baku. |
|
| Verkeleg namn | Alexander Igorjevitsj Rybak Aljaksándr Igaravitsj Rybák |
| Fødd | 13. mai 1986, Minsk i Den kviterussiske sosialistiske sovjetrepublikken (no Kviterussland) |
| Instrument | Fiolin og vokal |
| Sjanger | Folkemusikk, klassisk og pop |
| Aktive år | 1991–i dag |
| Yrke | Fiolinist, songar, komponist og skodespelar |
| Plateselskap | EMI |
Alexander Igorjevitsj Rybak (fødd 13. mai 1986) er ein norsk fiolinist, songar, komponist og skodespelar. Han vann Melodi Grand Prix 2009 og fekk representerte Noreg i Eurovision Song Contest 2009, der han vann. I 2010 fekk han synge vinnarsongen frå 2009 under opninga av Eurovision Song Contest 2010 og fekk seinare gi Eurovision-trofeet til Lena Meyer-Landrut som vann for Tyskland.
Innhaldsliste |
Familie [endre]
Alexander Rybak er son av pianisten Natalia Rybak og fiolinisten Igor Rybak.[1] Han vart fødd i Minsk i Kviterussland i dåverande Sovjetunionen, men familien flytta til Noreg då han var fire.[2] Familien Rybak er busett på Nesodden like utanfor Oslo.
Musikk-karriere [endre]
Tidleg karriere [endre]
Alexander Rybak spela fiolin og piano frå han var fem år gammal, men han valde etter kvart å konsentrere seg om fiolinen.[1] Alexander øvde på fiolin saman med faren Igor Rybak heilt til han vart tenåring, då byrja Alexander å studere ved Barratt Due Musikkinstitutt. I den perioden spelte han i Vivaldi-orkesteret, som vart leitt av faren, og Barrat Dues Juniororkester.[1]
2000–2008 [endre]
I perioden frå 2000 til 2003 var Alexander elev hjå fiolinisten, dirigenten og pedagogen Alf Richard Kraggerud, som vart etterfølgd av studium hjå Eileen Siegel, 3. konsertmeister i Oslo-filharmonien, og hjå Lena Rist-Larsen, fiolinpedagog og noregsmeister i trekkspel.[1] Han har òg hatt timar og masterclasses med mellom andre Piotr Janowski, Ole Bøhn, Henning Kraggerud, Ilya Konovalov, Mauricio Fuks, Detlef Hahn, Geir-Inge Lotsberg, Eduard Gratch, Roland Vamos og Harald Aadland.[1]
Sommaren 2002 fekk Alexander eit stipend i form av eit gratis kurs i New Jersey, der han studerte under Stephen Shipps, og der han vart vald til å gjennomføre ein masterclass med Pinchas Zukerman.[1]
Alexander Rybak har vore med på fleire norske kurs og festivalar, som mellom anna Valdres Sommersymfoni og den internasjonale Hemsedal-festivalen for dansarar og musikarar, der Rybak deltok som ein av musikarane.[1] Han var konsertmeister under Halsnøys symfoniprosjekt sommaren 2004, og solist med fleire gode orkester som Minsk kammerorkester og Kringkastingsorkesteret.[1] Han har vore på turne i mellom anna Chicago, Spania, Russland og Polen.[1] Dette året vann han også Anders Jahres kulturpris.
Han har dessutan opptredd saman med Arve Tellefsen, Morten Harket, Stephen Ackles og Knutsen & Ludvigsen[1], ofte saman med ein annan nesodding, Thomas Stanghelle. Hausten 2005 uroppførte Rybak den fiolonkonserten Musica Avventurosa av den unge komponisten Daniel Thornhill, saman med orkesteret Ung Symfoni med eit stort publikum i Korskirken i Bergen.[1]
I 2005 deltok Alexander Rybak i talentprogrammet Idol, der han tidleg rauk ut.[3] Men hausten 2006 vann han talentkonkurransen Kjempesjansen på NRK.[3]
I 2007 debuterte Rybak som skodespelar då han var Spelemann i Spelemann på taket ved Oslo nye teater. Denne prestasjonen vann han Hedda-prisen for i klassen Årets debutant.
Sommaren 2008 vart Alexander Rybak lokal kjendis på Sunnmøre då han som omreisande trubadur på øyane Valderøy, Vigra, Giske og Godøy tilbaud seg å spele huskonsert mot mat og overnatting[3], noko som mellom anna førte til omtale i Sunnmørsposten og ein endå større etterspurnad etter konsertar.[2]
I 2008 var Alexander med på barneplata Magiske kroker & hemmeligheter produsert av Linn Skåber og Jacob Young, med songen «Vinteren er her».[4]
I november 2008, inviterte Elisabeth Andreassen Rybak med seg på ein turne i 2009, med songar frå «Bettans» plate Spellemann, med musikk frå både Noreg og Sverige med inspirasjon av folketonar.[5]
2009 – Eurovision Song Contest (Melodi Grand Prix) [endre]
Alexander Rybak kom til finalen i Melodi Grand Prix 2009 med songen «Fairytale».[6] «Fairytale», som Rybak sjølv har skrive, er ein kjærleiksong inspirert av kjensler for ein tidlegare kjærast. Etter kvalifiseringa utpeikte mange han som klar favoritt til å vinne.[6] Songen selde etterpå over 5 000 eksemplar og vart nr. 1 på VG-lista.[7] Fleire nasjonale og internasjonale plateselskap blei også svært så interesserte i å signere han.[7] «Fairytale» blei gitt ut som singel av selskapet BpopMentometer, og selde til gull.[8] 21. februar 2009 utklassa han så dei andre konkurrentane og tok ein overlegen siger i finalen i Norsk Melodi Grand Prix 2009 med nærmare 750 000 stemmer, noko som tilsvara over 600 000 fleire stemmer enn Tone Damli Aaberge som kom på 2. plass.[9]
Finalen [endre]
Alexander Rybak vann den internasjonale finalen 16. mai 2009 med 387 poeng — 169 poeng betre enn nest beste deltakar og den høgaste poengsummen nokon gong i Eurovision Song Contest.
Same året gav Rybak ut plata Fairytales. I kjølvatnet av Eurovision vart Rybak kåra til årets spellemann under Spellemannprisen 2009.
Melodi Grand Prix 2011 [endre]
Under den fyrste delfinalen i Melodi Grand Prix 2011 i Ørland, framførde han songen «The Divine Land» saman med Keep of Kalessin som var med i Melodi Grand Prix 2010.
Sjå òg [endre]
Referansar [endre]
- ↑ 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 «Alexander Rybak». Sommersymfoni.no.
- ↑ 2,0 2,1 Nordseth, Pål (5. februar 2009). «MGP-låta handler om eks-kjæresten hans». Dagbladet.no.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 Rykkje, Karin (28. januar 2009). «Alexander favoritt i MGP». Sunnmørsposten.
- ↑ «DIVERSE ARTISTER: Magiske Kroker Og Hemmeligheter - Sanger Av Linn Skåber Og Jacob Young». Platekompaniet.no.
- ↑ Dahl, Ingvill Dybfest (13. februar 2009). «Alexander og Bettan blir ny GP-duo». VG.
- ↑ 6,0 6,1 Jakobsen, Lena Beathe (7. februar 2009). «Fy fela, for et show!». Varden.
- ↑ 7,0 7,1 Ekker, Bjørn (19. februar 2009). «Full krig om MGP-Rybak». Se&Hør.
- ↑ Jonassen, Trine Høklie (22. februar 2009). «- Nå er verden åpen». Kjendis.no.
- ↑ «MGP-Rybak knuste alle». VG. 21. februar 2009.
Kjelder [endre]
| Føregjengar Espen Lind |
Årets spellemann 2009 |
Etterfylgjar Karpe Diem |
| Føregjengar Maria Mittet |
Vinnar av Melodi Grand Prix 2009 |
Etterfylgjar Didrik Solli-Tangen |
| Føregjengar Dima Bilan |
Vinnar av Eurovision Song Contest 2009 |
Etterfylgjar Lena Meyer-Landrut |
Mal:Deltakarar i Melodi Grand Prix 2009 Mal:Låtskrivarar i Melodi Grand Prix 2009 Mal:Vinnarar av Melodi Grand Prix Mal:Vinnarlåtskrivarar i Melodi Grand Prix Mal:Deltakarar i Eurovision Song Contest 2009 Mal:Norske deltakarar i Eurovision Song Contest Mal:Norske låtskrivarar i Eurovision Song Contest
|
|
|
|---|---|
| Noreg i Eurovision Song Contest 2012 · Ørland hovudflystasjon · Arena Larvik · Florø Idrettssenter · Oslo Spektrum · Marte Stokstad · Per Sundnes · Nora Foss al-Jabri · Tommy Fredvang · Plumbo · The Carburetors · Yaseen og Julie Maria · Tooji · Lise Karlsnes · Malin · Petter Øien · Reidun Sæther · Alexander Rybak · Voi Voi · My Heart Is Yours · Fly On The Wings Of Love · Hold Me Now · Haba Haba · Fångad av en stormvind · Satellite · Hard Rock Hallelujah · Fairytale |
|
|
|
|---|---|
| Kviterussland i Eurovision Song Contest 2012 · Refrain · Lys Assia · Work Your Magic · Dmity Koldun · Molitva · Marija Šerifović · Unbreakable · Sinplus · Diva · Ivan Buslay · Wild Dances · Ruslana · This Is Our Night · Keep On Moving · Sákis Rouvás · Europe’s Skies · Fairytale · Alexander Rybak · Running Scared · Ell & Nikki · Philip Kirkorov |
|
|
|
|---|---|
| Bakı Kristal Zalı · Leyla Əliyeva · Eldar Qasımov · Nərgiz Birk-Petersen · Running Scared · Jon Ola Sand · Ell & Nikki · Natiq rhythm band · Believe · Dima Bilan · Molitva · Marija Šerifović · Fairytale · Alexander Rybak · Satellite · Lena · Waterloo · Never Enough · Emin · Eurovision Song Contest Baku 2012 |
|
|
|
|---|---|
| Semifinale 1 | Tim Scott McConnell og Vidar Busk · Carina Dahl, Ben Adams og Søren Pagh · Tom Hugo · Emil Solli-Tangen og Sven Atle Kopperud · Ben Adams, Sara Skjoldnes og Julie Bergan · Mimi Blix, Dr. Shiver, Luca Monticelli og Mauro Cottini · Fredrik Saroea og Pål Myran-Håland |
| Semifinale 2 | Martin Blomvik, Bjørn Johan Muri og Mats Weinholdt · Alexander Rybak · Silya Nymoen, K-One og John Lundvik · Josefin Winther og Magnus Skylstad · Trym Bjønnes · Haider Saleem og Morad Aziman · Karin Park, Robin Lynch og Niklas Olovson |
| Semifinale 3 | Bjørn Alexander Brem · Ina Wroldsen og Quiz & Larossi · Malin Pettersen · Gaute Ormåsen og Jesper Borgen · Anine Stang, Mattias Frändä og Johan Åsgärde · Winta og Beyond51 · Magnus Eliassen og Erik Eliassen |
| Finalen | Tim Scott McConnell og Vidar Busk · Emil Solli-Tangen og Sven Atle Kopperud · Fredrik Saroea og Pål Myran-Håland · Alexander Rybak · Trym Bjønnes · Karin Park, Robin Lynch og Niklas Olovson |
|
|
|
|---|---|
| Hellas i Eurovision Song Contest 2013 · Gazi Music Hall · Déspina Vandí · Jórgos Kapoutzídis · Élena Paparízou · Vicky Leandros · Alexander Rybak · Kóstas Martákis · Ruslana · Eléni Fouréïra · Dima Bilan · Demy · Marija Šerifović · Vegas · Elefthería Eleftheríou · Après toi |
|
|
|
|---|---|
| Sesongar | 2003 · 2004 · 2005 · 2006 · 2007 · 2011 · 2012 |
| Programleiarar | Kyrre Holm Johannessen · Marte Stokstad · Kåre Magnus Bergh · Ingrid Gjessing · Solveig Kloppen · Harald Rønneberg · Thomas Numme · Ravi · Guri Solberg |
| Dommarar | Jan Fredrik Karlsen · Ole Evenrud · Morten Ståle Nilsen · Lena Midtveit · Anneli Drecker · Douglas Carr · Thomas Strzelecki · Tone-Lise Skagefoss · Tor Milde · David Eriksen · Amund Bjørklund · Hans Olav Grøttheim · Asbjørn Slettemark · Benedicte Adrian · Mariann Thomassen · Bertine Zetlitz · Hans-Erik Dyvik Husby · Marion Ravn · Gunnar Greve Pettersen · Tone Damli Aaberge · Kurt Nilsen · Esben Selvig |
| Vinnarar | Kurt Nilsen · Kjartan Salvesen · Jorun Stiansen · Aleksander Denstad With · Glenn Lyse · Jenny Langlo |
| Vinnarsinglar | She's So High · Standing Tall · This Is The Night · A Little To Perfect · Days Go By · Building An Aeroplane |
| Andreplass | Gaute Ormåsen · Margaret Berger · Tone Damli Aaberge · Jonas Thomassen · Bjørn Johan Muri · Vegard Leite |
| Andre deltakarar | David Pedersen · Maria Haukaas Storeng · Sandra Lyng Haugen · Alejandro Fuentes · Alexander Rybak · Vivian Sørmeland · Linnea Dale |
| Relaterte artiklar | TV 2 · World Idol · Idol |
- Fødde i 1986
- Norske fiolinistar
- Norske skodespelarar
- Folk frå Minsk
- Folk frå Nesodden
- Norske innvandrarar
- Vinnarar av Spellemannprisen
- Eurovision Song Contest-vinnarar
- Allsang på grensen
- Norske Eurovision Song Contest-deltakarar
- Norske Idol-deltakarar
- Melodi Grand Prix-vinnarar
- Vinnarar av Heddaprisen
- Melodi Grand Prix-deltakarar
- Norske Eurovision Song Contest-låtskrivarar
- Eurovision Song Contest 2009-deltakarar
- Eurovision Song Contest 2009-låtskrivarar
- Eurovision Song Contest-vinnarlåtskrivarar
- Melodi Grand Prix-vinnarlåtskrivarar
- Marcel Bezençon Awards-vinnarar
- Melodi Grand Prix 2013-låtskrivarar
- EUROSONG 2013 - a MAD show