Echelmeyerstraumen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Echelmeyerstraumen
isstraum
Land  Antarktis
Stad Oates Land
 - koordinatar 79°10′S 150°00′E / 79.167°S 150.000°E / -79.167; 150.000
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Echelmeyerstraumen
79°10′00″S 150°00′00″E / 79.1667°S 150°E / -79.1667; 150
Echelmeyerstraumen is located in Antarktis
Echelmeyerstraumen (Antarktis)

Echelmeyerstraumen, tidlegare kalla Ice Stream F, er ein isstraum i Den vestantarktiske innlandsisen som flyt vest til Shirase Coast nord for MacAyeal Ice Stream og er ein av fleire store isstraumar som flyt frå Marie Byrd Land og ut i Rossisen. Isstraumane vart undersøkt og kartlagt av U.S. Antarctic Research Program i løpet av fleire feltsesongar frå 1983–84 og opphavleg kalla Ice Stream A, B, C, etc., etter plasseringa deira frå sør til nord.[1]

Namnet vart endra frå Ice Stream F av Advisory Committee on Antarctic Names i 2002 etter Keith A. Echelmeyer ved Geofysisk institutt ved University of Alaska, Fairbanks, som studerte isstraumane i Marie Byrd Land 1992–93 og 1994–95, i tillegg til rasktflytande isbrear i Alaska og Grønland.[1] Dr. Echelmeyer var ein student under Barclay Kamb, som Kambstraumen er kalla opp etter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Echelmeyer Ice Stream». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 16. januar 2014. 

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Echelmeyerstraumen» (innhald frå Geographic Names Information System).