Rossisen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 81°30′S 175°00′W
Rossisen
isbrem
none  Rossisen
Rossisen
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Ross Dependency
 - koordinatar 81°30′S 175°00′W
Lengd 960 km
Breidde 800 km
Administrert under Antarktistraktaten
Rossisen is located in Antarktis
Rossisen (Antarktis)

Rossisen eller Rossbarrieren i Antarktis er den største isbremmen i verda.[1] Han ligg lengst sør i Rosshavet og dekkjer eit område på 487 000 km², om lag like stort som Frankrike.[2]

Dei største isbremmane i Antarktis. Rossisen er avmerkt i raudt. Kart frå National Snow and Ice Data Center.

Han er fleire hundre meter tjukk. Den neste vertikale isfronten mot det opne havet er meir enn 600 km lang, og mellom 15 og 50 meter høg over vassflata. 90% av den flytande isen ligg derimot under vassflata. Det meste av Rossisen ligg innanfor Ross Dependency, kravområdet til New Zealand.

Rossisen har namn etter kaptein James Clark Ross. Ross oppdaga bremmen 28. januar 1841, og gav han namnet Victoria barrier etter dronning Viktoria av Storbritannia. Ross kartla isfronten austover mot 160º V. Den første som utforska isen var nordmannen Carsten Borchgrevink.

Utforsking[endre | endre wikiteksten]

Den 5. januar 1841 segla «Erebus» og «Terror» gjennom pakkisen i Stillehavet nær Antarktis i eit forsøk på finne posisjonen til den magnetiske sørpolen. Fire dagar seinare fann dei ein veg i ope farvatn og håpte at dei ville klare å nå målet sitt. Den 11. januar møtte dei derimot den enorme ismassen.

Sir James Clark Ross, som var leiar for ekspedisjonen sa: «Vel, det er ikkje noko større sjanse å seg gjennom det der enn gjennom klippene ved Dover». Ross, som i 1831 fann den magnetiske nordpolen brukte to år forgjeves på å finne ein sjøveg til den sørlege polen. Seinare vart namnet hans gjeve til isbremmen og havet kring denne. To vulkanar i området vart av Ross kalla opp etter skutene hans.[3]

Då dei tidlege antarktiskekspedisjonar prøvde å nå sørpolen, nytta dei Rossisen som utgangspunkt. I den første utforskinga av området studerte Robert Falcon Scott isbremmen og området kring frå basen sin på Ross Island. Resultata hans vart presentert i eit foredrag kalla «Universitas Antarctica!» som han heldt 7. juni 1911, og som vart publisert i ein publikasjon om Scott-ekspedisjonen.[4]

«The mystic Barrier» ved Hvalbukta, nær staden der Amundsen først møtte bremmen
Merk personane til venstre samanlikna med storleiken på isen.

Både Roald Amundsen og Scott kryssa isen for å nå polen i 1911. Amundsen skreiv: «Langs ytterkanten har barrieren ei jamn, flat overflate, men her, på innanfor bukta, er tilhøva heilt noko anna. Sjølv frå dekket på «Fram» klarte med å sjå store hindringar i isen alle retningar; store ryggar med groper mellom strekte seg til alle kantar. Den største høgda låg i sør i form av ein høg, boga rygg, som me meinte måtte vere kring 150 meter over horisonten. Men det kan vere at ryggen heldt fram å stige bortom synsfeltet vårt.»

Dagen etter tok ekspedisjonen dei første skritta på barrieren. «Etter ein halvtimes marsj var me alt ved det første viktige punktet—koplinga mellom sjøisen og barrieren. Denne koplinga hadde me alltid i tankane. Korleis ville det vere? Ein høg, loddrett isvegg, der me måtte heise tinga våre med stort slit? Eller ei stor og farleg kløft, som me ikkje kunne klare å krysse utan å gå ein lang veg rundt? Me venta oss naturlegvis noko av den slags. Dette mektige og fryktelege monsteret ville sjølvsagt gje oss ei eller anna form for motstand», skreiv han.

«Den mystiske barrieren! Alle forteljinga, utan unntak, frå Ross si tid til i dag, har omtalt denne merkverdige naturlege formasjonen med fryktsom ærefrykt. Det var som om ein kunne lese mellom linjene: 'Hysj, ver stille! Den mystiske barrieren!'»

«Ein, to, tre og eit lite hopp, og toppen av barrieren var nådd!»[5]

Samansetnad og rørsle[endre | endre wikiteksten]

Sprekk i Rossisen
Kanten av Rossisen i 1997

Isbremmar er tjukke plater av is, danna kontinuerleg av isbrear, som flyt oppå sjøen. Isbremmane fungerer som «bremser» for breane. Isbremmane har òg eit anna viktig føremål -- «dei avgrensar smelinga som skjer på overflata av breane. Når isbremmane er borte, aukar farten breane flyttar seg med fordi smeltevatn trengjer gjennom og/eller ein reduksjon i bremsekreftene, og dei kan byrje å dumpe meir is i havet enn dei får tilført snø i nedslagsfeltet. Slike auker i farten til isbreane er alt observert på halvøyar der isbremmane har forsvunne.» [6]

Rossisen er ein av fleire slike isbremmar. Han er omtrent like stor som Frankrike,[7] og strekkjer seg inn i Antarktis frå nord. Ismassen er kring 800 km brei og 970 km lang. Somme stader, i dei sørlege områda, er isen nesten 750 meter tjukk. Rossien pressar seg ut i havet med ein fart på 1,5 til 3 meter per dag. Det er andre isbrear som gradvis tilfører is til isbremmen. Samstundeds frys sjøvatnet under ismassen og aukar istjukkleiken frå 40 til 50 cm per dag. Stundom oppstår det sprekker i isen som gjer at delar av han bryt av. Det største kjende isfjellet var kring 31 000 km², noko som er litt større enn Belgia. Isfjell B-15, det største registrerte isfjellet i verda, kalva frå Rossisen i mars 2000.

Mange forskingsleirar ligg nær Rossisen, som McMurdo-basen.[8] I 1957 og 1958 var det utført mange studiar av isen, som heldt fram i sesongen 1960-61. Dette omfatta eit internasjonalt team av forskarar. Somme utforska breane og andre dalane på isbremmen.[9]

Frå 1967 til 1972 gjorde Scott Polar Research Institute omfattande observasjonr ved hjelp av radioekkolodding. Denne teknikken gjorde at ein kunne ta målingar frå lufta, slik at ein kunne dekke 35 000 km på kryss og tvers, samanlikna med 3000 km med tidlegare seismiske sonderingar frå bakken.[10] Meir detaljerte målingar vart gjort mellom 1973 og 1978.

Ross Barrier Project vart lansert med ein plan om å bore gjennom bremmen for å ta prøvar av biomasse i området og havbotnen under isen. Prosjektet omfatta glasiologiske observasjonar av overflata, i tillegg til boring[11] Boredelen av prosjektet skulle ha starta i 1974, men kom ikkje i gang før i 1976. I 1977 klarte forskarane omsider å bore seg gjennom isen og lagde eit hol som ein kunne ta prøvar frå over fleire dagar i ein tre vekersperiode. Gruppa kartla sjøbotnen, studerte tidvatn og fisk og anna liv i farvatnet. Temperaturen ved botnen av isen vart estimert til -2,16° Celsius.[8]

Resultet av desse prosjekta vart publiserte i ei rekkje rapportar i tidsskriftet Science, publisert 2. februar 1979.[12]

I løpet av 1980-åra vart eit nettverk av vêrstasjonar sett opp for å registrere temperaturar på isen i tillegg til meir fjerntliggande delar av kontinetet.[13]

Vekselverknad mellom isbrear og isbremmar.

National Snow and Ice Data Center ved University of Colorado har studert isbremmane som har kollapsa og stabiliteten deira. Forskarane fann i 2002 ut at temperaturen på den varmaste delen av isbremmen berre var nokre få grader for kald for å gå gjennom ein liknande tilbaketrekkingsprosess. Rossisen er hovudutløpet for fleire store isbrear som drenerer Den vestantarktiske iskappa, som inneheld nok is til å skape ein auke i havnivå på 5 meter.[6]

Det pågår stadig kontinuerleg forsking på isen. Ein teori som vart lagt fram i 2006 basert på geologiske undersøkingar, har foreslått at isbremmen tidlegare kollapsa, kanskje brått, og at det kan skje igjen.[14]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.npolar.no/no/forskning/ice/fimbulisen/skole/ordliste.html Ordliste], npolar.no
  2. Antarctic Hazards - British Antarctic Survey
  3. antarctica.ac.uk
  4. Scott, Robert and Leonard Huxley. Scott's Last Expedition in Two Volumes: Vol. II. New York: Dodd, Mead and Company, 1913.
  5. Amundsen, Roald (Omsett frå norsk av A. G. Chater). The South Pole An Account of the Norwegian Antarctic Expedition in 'Fram,' 1910–1912, eBooks@Adelaide, 2006.
  6. 6,0 6,1 Larsen B Ice Shelf Collapses in Antarctica, March 2002
  7. Antarctic Hazards - British Antarctic Survey
  8. 8,0 8,1 Clough, John W. and B. Lyle Hansen. «The Ross Barrier Project», Science, Vol. 203. No. 4379, Feb. 2, 1979, s. 433-434.
  9. Swithinbank, Charles. «To the Valleybreens That Feed the Rossisen, The Geographical Journal, Vol. 130. No. 1 (Mar., 1964), s. 32-48
  10. Nature-Times News Service; Science report Glaciology: Ross Barrier flow; The Times; 28. jan 1975; pg12
  11. Thomas, R.H., D.R. MacAyeal, D.H. Eilers and D.R. Gaylord, Glaciological studies on the Ross Barrier in Antarctica, 1973-1978, in The Ross Barrier: Glaciology and Geophysics. Ant. Res. Ser., 42, 21-53.
  12. Science, Vol. 203. No. 4379, Feb. 2, 1979, s. 433-455.
  13. Patel, Samir S. (5 April 2006), A Sinking Feeling, Nature, http://www.nature.com/nature/journal/v440/n7085/full/440734a.html, henta 4. januar 2014 
  14. Rossisen could 'collapse quickly' – australian, http://www.theaustralian.news.com.au/story/0.20867,20840754-23109,00.html 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Rossisen