Eddie Martinez

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eddie Martinez
Statsborgarskap USA
Yrke jazzmusikar, jazzgitarist, dansar

Eddie Martinez er ein USA-amerikansk gitarist, fødd og oppvaksen i New York City. Han har hovudsakleg arbeidd som studiomusikar og har arbeidd med David Lee Roth (på Crazy from the Heat), Run-D.M.C. (på Run-D.M.C. og King of Rock), Robert Palmer (mellom anna «Simply Irresistible»), Meat Loaf (Bat Out of Hell II: Back into Hell), fleire Jim Steinman-prosjekt og mange andre. Han spelte òg jazzgitar under farvellkonserten til Blondie i 1982 i Toronto og han akkompagnerte Mick Jagger under den første Live Aid-konserten i 1985. Han spelte inn eit soloalbum, No Lies, på Cotillion Records som vart produsert av Bernard Edwards.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]