Mick Jagger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mick Jagger
Jagger live Italy 2003.JPG
Verkeleg namn Michael Philip Jagger
Fødd 26. juli 1943 (71 år)
Dartford i Kent i England
Instrument Vokal, munnspel, gitar, piano, bass
Sjanger Rock, rock and roll, psykedelisk rock, blues, reggae, blues-rock
Aktive år 1962 - til i dag
Yrke Musikar, låtskrivar, produsent
Tilknytt artistar The Rolling Stones
Plateselskap Virgin, Rolling Stones, ABKCO, Universal
Nettside MickJagger.com

Michael Philip «Mick» Jagger (fødd 26. juli 1943) er ein engelsk rock mest kjend som vokalist i The Rolling Stones. I tillegg er han låtskrivar, skodespelar, plateprodusent og filmprodusent.

Solokarrière[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om Jagger er klart best kjend som ein «Rolling Stone», har han òg ei solokarriere på si som går heilt tilbake til 1980-talet. Keith Richards oppfatta det slik at han satsa meir på solokarrieren enn på The Rolling Stones, noko som gjorde sitt til at forholdet mellom dei to, som alt skranta frå før av, langt frå var det beste på 80- og 90-talet.

Det første soloalbumet til Jagger, kalla She's the Boss, kom ut i 1985. Han fekk hjelp frå kjende personar som Pete Townshend frå The Who, Jeff Beck, Carlos Alomar og Herbie Hancock, og både albumet og singelen «Just Another Night» vart slagerar verda over. She's the Boss fekk òg relativt gode kritikkar straks det kom ut, men har i ettertid vorte rekna som eit heller svakt album. At albumet selde så pass mykje som det gjorde, hadde mykje med det å gjere at Jagger gav ut hitsingelen «Dancing in the Street» saman med David Bowie rett før albumet kom ut. Singelen vart særs populær, og er framleis den siste Jagger-låten (òg som Stones-medlem) som har nådd førsteplass på hitlistene i Storbritannia.

Alt året etter gav Jagger ut albumet Dirty Work saman med The Rolling Stones. At han valde å prioritere arbeidet med det neste soloalbum i staden for å dra på turné med Stones medverka derimot ikkje til å betre forholdet mellom han og Richards. Det andre albumet hans, Primitive Cool, kom til slutt ut i 1987, og vart møtt med særs god kritikk. Det vart likevel ingen kommersiell suksess, då det ikkje selde på langt nær så mykje som She's the Boss frå to år tidlegare, trass i at han hadde fått den tidlegare Eurythmics-gitarist Dave Stewart med på laget.

Det skulle ta seks år før det neste albumet kom ut. At Rolling Stones-albumet Steel Wheels kom ut i 1989 og vart godt teke i mot av både kritikarar og publikum, hadde nok mykje av skulda for dette. Jaggers tredje album kom derimot ut i 1993, og vart møtt med særs god kritikk. Albumet heitte Wandering Spirit, og inneheldt mellom anna ein duett med Lenny Kravitz. Det vart òg ein kommersiell suksess, og selde til gullplate i USA.

I 2001, nesten ni år etter førre album, kom Goddess in the Doorway ut. Her samarbeidde han mellom anna med personar som Bono frå U2, Lenny Kravitz, Pete Townshend, Rob Thomas frå Matchbox Twenty, Joe Perry frå Aerosmith samt Wyclef Jean. Albumet fekk særs god kritikk; mellom anna fekk det fem av fem stjerner av Rolling Stone. Likevel vart Goddess in the Doorway aldri noko kommersiell suksess. Singelen «God Gave Me Everything» nådde derimot høgt på hitlistene i enkelte land, mellom anna ein førsteplass i Canada.

Det siste prosjektet til Jagger ved sidan av The Rolling Stones, skjedde i 2004, da han saman med Dave Stewart lagde filmmusikken til Alfie. Den eine songen frå albumet – «Old Habits Die Hard» – vart særs godt motteke av kritikarane.

Privatliv[endre | endre wikiteksten]

Jagger voks opp i ein relativt velståande familie, der begge foreldra hans var lærarar. Han hadde òg ei yngre bror, Chris, som òg er musikar, om enn noko mindre profilert enn bror sin. Det var då Jagger starta på barneskulen i Hartford at han trefte Keith Richards, som han seinare skulle starte The Rolling Stones saman med. Som sine foreldre, var Jagger ein dyktig student, noko som etter kvart førte til at han fekk stipend for å starte på den fremste økonomiskulen i Europa, London School of Economics. Han fullførte derimot aldri studiet, då The Rolling Stones slo gjennom før han hadde gått på skulen i to år.

Etter kvart som karrièren til The Rolling Stones skaut fart ut over på 60-talet, vart Jagger kjend for det store konsumet sitt av kvinner og dop. Sjølv om han nok ikkje var den verste av Stones-medlemmene i med tanke på sistnemnde, vart han i 1967 arrestert og dømt til fire månaders fengsel for å ha hatt på seg amfetaminpiller. Keith Richards fekk samstundes ein dom på ti månader. Begge slapp derimot å sone etter å ha vunne anken.

Jagger er kjend som ein notorisk skjørtejeger, og har fleire ekteskap, utruskap og barn utanfor ekteskapet på samvitet. Det første barnet hans, Karis Jagger, fekk han saman med Marsha Hunt i 1970. Alt året etter gifta han seg med Bianca Pérez-Mora Macías (no Bianca Jagger), og fekk dottera Jade Jagger seinare same år. Ekteskapet varte til 1979.

Mest kjend er nok ekteskapet med modellen Jerry Hall, som han fekk fire barn med. Etter at ein affære med den brasilianske modellen Luciana Gimenez i 1999 resulterte i at sonen Lucas Jagger vart fødd, havarerte derimot òg dette ekteskapet.

I 2003 vart Jagger slått til riddar for bidraget sitt til musikken, noko som ikkje fall i god jord hos hans bandmedlem Keith Richards.

I tillegg til musikarkarrieren har Jagger òg spelt inn fleire spelefilmar, men ingen av dei vart store suksessar.

Album[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]