Edward Higgins White
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Edward Higgins White (14. november 1930–27. januar 1967) var ein amerikansk testpilot og astronaut. Under Gemini-programmet vart Higgins White det andre mennesket og den første amerikanaren til å gjennomføyre ei romvandring utanfor romfartøyet sitt Gemini 4. Han omkom saman med Gus Grissom og Roger B. Chaffee i ei tragisk brann medan dei trena i kommandomodulen til Apollo 1 Etter døden vart White tildelt «the Congressional Space Medal of Honor». I 1967 vart det gjeve ut frimerke som syner romvandringa til White.