San Antonio

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
San Antonio
San Antonio sentrum
San Antonio sentrum
San Antonio sentrum
Byvåpenet til San Antonio
Styresmakter
Land
Delstat
Fylke
USA
Texas
Bexar County
Mayor Julian Castro
Geografi
Flatevidd 1 208,777336, 1 208,780268 km²
Flatevidd
 - By

1067,3 km²
Innbyggjarar
 - By (1. april 2020)
   - folketettleik

1 144 646
  1 084,4/km²
Høgd over havet 198 m
Tidssone CST (UTC-6)
Diverse anna
Heimeside: http://www.sanantonio.gov/
Nettstad: www.sanantonio.gov
Plassering
Plassering av San Antonio
Plassering av San Antonio

San Antonio er ein by i delstaten Texas og hovudsete for Bexar County. Ifølgje folketalsestimata for 2004 har byen 1 236 249 innbyggarar, noko som gjer byen til den åttande største i USA, og den nest største i Texas. San Antonio har likevel ingen store forstader utanom byen, og reknar ein med slike er Dallas temmeleg mykje større.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Området var først folkesett av indianarar som kalla området Yanaguana, «forfriskande vatn». Då spanjolane kom til området i 1691, var det festdagen til helgenen Antonius av Padua, derifrå kjem namnet San Antonio. «Mission San Antonio dei Valero» blei etablert i 1718. Slaget ved Alamo fann stad i nærleiken av byen i 1836, og byen har sidan vakse rundt slagstaden. Alamo er i dag ein av dei mest kjende turistattraksjonane i byen.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til turistindustrien, har ei rekke storbedrifter hovudkvarter i byen. AT&T er det største teleselskapet i USA, i tillegg har ein petroleumsbedriftene Valero og Tesoro, finansinstitusjonane USAA og Frost National Bank, medie- og reklamebedrifta Clear Channel, forskingsinstitusjonen Southwest Research Institute og daglegvarekjeda H-E-B. Det store sjukehuset South Texas Medical Center har òg hovudsjukehuset sitt i byen. Blant dei mange utdanningsinstitusjonane i San Antonio er den største San Antonio greina til University of Texas.