Egon Askvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Egon Askvik
Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. mai 1958
Død

31. desember 2016 (58 år)

Yrke skribent, prest
Verv Sokneprest i Leikanger
Periode 2008-2016
Føregangar Kjell Sæter
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja

Egon Askvik (10. mai 195831. desember 2016) var ein norsk prest og forfattar.

Askvik vart gift 14. januar 1984 med Hege Feet. Han avla teologisk embetseksamen på Menighetsfakultetet og vart ordinert til prest i Seim kyrkje i 1988. Egon Askvik har sidan vore vikarprest i Leikanger 1988-1989, sokneprest i Aurland 1989-1996, kapellan i Lindås 1996-2008 og sokneprest i Leikanger og Norum frå 2008 til han døydde.

Egon Askvik påvist uhelbredeleg kreft våren 2016, ei veke før konfirmasjonane pinsedag, men gjennomførte likevel dei tre konfirmasjonsgudstenestene som planlagt. Han fortalde då ope om sjukdomen frå preikestolen. Resten av året var Askvik sjukmeld, men han heldt fram som redaktør for kyrkjelydsbladet og deltok i soknerådet så langt det lét seg gjera. Julaftan lyste han velsigninga over kyrkjelyden for siste gong, før han sovna inn med dei nærmaste rundt seg nyårsaftan.[1]

Egon Askvik har gjeve ut omsetjinga We shall never die – kamp- og lovsongar frå Sør-Afrika, boka Skatten og prerlene og ei ressursbok til denne.[2] Dei to siste handlar om Kristuskransen, ein bønekrans laga av den svenske biskopen Martin Lönnebo som vert nytta i konfirmantundervisinga. Askvik har bidrege med omsetjinga av salmen «Gå du med oss, for vegen er lang» i Norsk Salmebok 2013. Han var produsent og medverka på platene Gladværugt - julesong frå Sogn (2010) og Over stjernebru - kveldstonar ved Sognefjorden (2016).[3] I 2015 fekk han nasjonal merksemd for å ha skrive boka Kyrkjefolk, med portrett av hundre sokneborn sitt forhold til kyrkja. Biskop Halvor Nordhaug omtala boka som eit monument over folkekyrkja. Egon Askvik fekk Lindås kommune sin kulturpris i 1977, Leikangerprisen i 2016 og Nordal Brun-prisen posthumt i 2017.[4]

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

Bøker
  • 1986 - We shall never die – kamp- og lovsongar frå Sør-Afrika
  • 2004 - Kristuskransen for konfirmantar
  • 2004 - Skatten og perlene
  • 2015 - KYRKJEFOLK
Musikkalbum
  • 2010 - Gladværugt - julesong frå Sogn
  • 2016 - Over stjernebru - kveldstonar ved Sognefjorden

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 20. mars 2017, henta 19. mars 2017 
  2. Bibelselskapets forfatterprofil, arkivert frå originalen 8. oktober 2012, henta 7. april 2015 
  3. Profil på Myspace
  4. arkivkopi, arkivert frå originalen 20. mars 2017, henta 19. mars 2017