Menighetsfakultetet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Det teologiske Menighetsfakultet er ein norsk privat, ubunden akkreditert (offentleg godkjend) vitskapleg høgskole. Fakultetet ligg ved Majorstua i Oslo.

Hovudmålet til Menighetsfakultetet er å utdanne prestar, kateketar, diakonar og kristendomslærarar på universitetsnivå, til teneste i kyrkje, samfunn og skole.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det teologiske Menighetsfakultetet blei grunnlagt i 1907 av ei gruppe norske akademikarar, politikarar, prestar og lekfolk som ønskte å etablere ein teologisk utdanning på grunnlaget av Den heilage skrifta og den lutherske trusvedkjenninga.

Bakgrunnen for opprettinga av fakultetet var Kyrkjedepartementets utnemning av Johannes Ording til ein lærestol ved Det teologiske fakultetet, Universitetet i Oslo. Lærestolen i systematisk teologi var ledig etter at professor Fredrik Petersen døydde i 1903, og i 1906 blei den liberale teologen Ording utnemnt til professor i teologi etter ei langvarig strid som heldt på å føre til ei krise i den norske regjeringa. Utnemninga hadde ikkje stønad hos majoriteten i lærarstaben ved Det teologiske fakultetet, og professor Sigurd Odland og kyrkjestatsråd Christian Knudsen valte å gå av etter at Ording blei utnemnt.

Ei rekkje menneske i krinsen kring Odland gjekk no saman om å skipe ein ubunden institusjon som skulle utdanne prestar til teneste i Den norske kyrkja. 16. oktober 1907 blei grunnleggingsdokumentet underteikna, og hausten 1908 kunne fakultetet opna dørene med berre 8 studentar (eit tal som auka til 14 før slutten av semesteret). Dei første lærarane var Sigurd Odland (Det nye testamente), Edvard Sverdrup (Kyrkjehistorie), Peter Hognestad (Det gamle testamente), Ole Hallesby (Systematisk teologi). Frå 1919 fekk den akademiske lærarstaben også rett til å kalle seg professorar.

Institusjonen fekk eksamensrett for cand.theol-graden i 1913, i praktisk teologi frå 1925 og cand.philol. i 1977. I 1990 fekk fakultetet jamvel rett til å dele ut forskningsgraden dr. theol. og frå 2001 graden dr. art. I 2005 blei fakultetet akkreditert institusjonelt av NOKUT.

I dei seinare åra har fakultetet teke steg mot ei større økumenisk breidde, og byr no på utdanning i samarbeid med Metodistkyrkja, Frelsesarmeen, Pinserørsla og Den katolske kyrkja.

Studium[endre | endre wikiteksten]

Menighetsfakultetet tildeler gradane bachelor, master, candidatus/a theologiae og candidatus/a philologiae (sistnemnte fram til 2007). Fakultetet tildeler òg forskningsgraden ph.d. innanfor fagområda teologi og kristendomskunnskap.

Fakultet tilbyr følgjande studieprogram som fører fram til gradane nemnt ovanfor:

  • Årsstudium i kristendoms-, religions- og livssynskunnskap (KRL) (1 år)
  • Årsstudium i tverrkulturell kommunikasjon (1 år)
  • Bachelor i kultur- og samfunnsfag (med KRL) (3 år)
  • Bachelor i Ungdom, kultur og tru (UKT) (3 år)
  • Bachelor i teologi (3 år)
  • Røynslebasert master i kristendomskunnskap, studieretning KRL/Religion og etikk - fagdidaktikk (1 ½ år, deltid)
  • Røynslebasert master i praktisk teologi (90 studiepoeng, deltid)
  • Røynslebasert master i klinisk sjelesorg (120 studiepoeng, deltid)
  • Disiplinbasert Master i teologi (5 år, med fleire ulike studieretningar)
  • Disiplinbasert master i kristendomskunnskap (2 år, med fleire ulike studieretningar)
  • Disiplinbasert master i kyrkjeleg undervisning (kateket) (2 år)
  • Disiplinbasert master i diakoni (2 år)
  • Master of Philosophy in Theology (2 år, undervisning på engelsk)
  • Profesjonsstudiet i teologi (6 år, fører til cand.theol.-graden)
  • PhD-programmet (3 år)

Menighetsfakultetet er i dag den største teologiske utdanningsinstitusjonen i landet med ca. 80 tilsette (av dei 50 lærarar/forskarar) og om lag 900 studentar (2005). MF blir leia av eit styre valt av forstandarskapet ved skolen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]