Lindås kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lindås kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 1263
Fylke Hordaland
Adm.senter Knarvik
Areal 474 km²
Folkemengd 14 678 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2007-) Astrid Aarhus Byrknes (KrF)
Målform Nynorsk
Nettstad www.lindas.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 1263.svg
Lindås kommune på Commons
Sjå namnet Lindås for annan bruk av namnet.

Lindås er ein kommune i Hordaland fylke, i Nordhordland. Lindås vart eigen heradskommune frå 1838 i samsvar med formannskapslovene av 1837. Kommunen grensar etter 1964 i nord mot Masfjorden og Modalen, og i vest mot Austrheim og Radøy. Andre nabokommunar er det ikkje landgrense mot, men over fjordar eller tronge sund vert Lindås omgjeve av kommunane Gulen i nord, Vaksdal og Osterøy i aust, Bergen i sør, og Meland i vest.

Innhaldsliste

Lokalaviser [endre]

Lokalaviser som dekkjer kommunen er Strilen og Nordhordland. Regionavisane Bergens Tidende og Bergensavisen har noko stoff frå kommunen.

Kultur [endre]

Lyngheisenteret på Lygra er et kulturlandskapsmuseum for Nordhordland og lyngheiområdet langs kysten av Vestlandet. Senteret er etablert som eit resultat av Lindåsprosjektets arbeid i 1970-åra då lyngheikulturen blei dokumentert.

Tusenårsstad [endre]

Kommunens tusenårssted er Kongshøyen på Seim, som også kallast Håkonshaugen.

Politikk [endre]

Kommunestyret har 31 representanter. I perioden 2011-2015 er seks partier representert:[2]

Astrid Aarhus Byrknes (KrF) er ordførar og May Eva Sandvik (H) er varaordførar.

Idrett og aktivitet [endre]

Lindås Idrettsråd (LIR) sin primære oppgåve er å vere bindeledd mellom idretten og kommunen, og arbeide for best moglege vilkår for idretten i Lindås kommune. Rådet er eit felles organ for all idrett organisert i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF), og idrettslag med medlemskap i NIF blir automatisk medlem i LIR. LIR blei oppretta i 1996, og har hausten 2012 over 3000 aktive medlemar i 16 medlemslag med over 20 særidrettar. Rådet har eit styre med 6 medlemar, vedtekter godkjent av NIF, og ein handlingsplan med mål og tiltak. Arbeidsoppgåver i seinare tid har i hovudsak vore:

  • fordeling av lokale aktivitetsmidler (LAM)
  • uttaling til kommunen på vegner av idrettslaga om prioriteringar av aktivitetar, anlegg og kulturmidlar
  • dokumentasjon/àjourhald av anleggsoversikter
  • utdeling av idrettsstipend
  • delta i utvikling av idrettspolitiske handlingsplanar

Idrettslag: IL Alvidra - Eikanger Idrettslag - FIL AKS-77 - Knarvik IL - Lindås Idrettslag - Nordhordland Ballklubb (NBK) - Seim IL - Seim Sportsskytterlag - Nordhordland Skiklubb - Nordhordland Dykkerklubb - Nordhordland Skeiseklubb - Nordhordland Karateklubb - Nordhordland Hestesportklubb - Holy Riders MC Racing - Nordhordland Sykkelklubb - Nordhordland Flyklubb

IL Alvidra, Knarvik IL og Seim IL har inngått samarbeid om friidrett i FIL AKS-77. AKS-77 har sidan 1983 arrangert Knarvikmila. NBK har eit samarbeid innan fotball i høgare årsklassar mellom Alvidra, Knarvik og Seim, medan dei lokale idrettslaga har eigne lag i yngre årsklassar.

Lindås Skytterlag, fotballgruppa, håndballgruppa og trimkarusellen er noko av idretten i nordre del av kommunen.

Lindås IL har planer om å byggje både svømmebasseng, bowlinghall, garderober, tribuner og kunstgress på grusbanen sin. Både Nordhordlandshallen i Knarvik og den nye flotte Lindåshallen er praktbygg som heile kommunen har stor glede og nytte av.

Kjende personar frå Lindås [endre]

Bakgrunnsstoff [endre]

Fotnotar [endre]