Ekerö

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 59°17′20.519″N 17°48′41.702″E Ekerö er ein tettstad og kommunesentrum (centralort) i Ekerö kommun i Stockholms län. Tettstaden ligg på øya Ekerön i austre Mälaren og er fyrst og fremst ein stad der folk bur. Mange reiser dagleg til Stockholm på arbeid. Den største lokale arbeidsgjevaren er kommunen.

Tettstaden Ekerö var opphavleg to tidlegare tettstader, Tappström og Träkvista, men frå 1975 vart desse stadane rekna for å vere samanvekste. På slutten av 1980-talet vart Ekerö centrum bygd i Tappström. Folketalet har auke snøgt; i 1960 hadde dåverande Tappström 343 innbuarar og Träkvista 582, i 1970 var talet 1111 respektive 1068. Deretter steig det til fleire enn ti tusen innbuarar i den noverande tettstaden Ekerö.