Ekibastus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ekibastus
Kraftverket i Ekibastus
Kraftverket i Ekibastus
Styresmakter
Land
Oblast
Flag of Kazakhstan.svg Kasakhstan
Pavlodar oblast
Grunnlagd 1948
Akim Nurlan Nabijev
Geografi
Innbyggjarar
 - By (1999)

127 200
Koordinatar 51°40′″N 75°22′″EKoordinatar: 51°40′″N 75°22′″E
Tidssone BTT (UTC+6)
Diverse anna
Postnummer 141200 — 141209
Telefon-retningsnummer +7 71835
Heimeside: http://akim.ekibastuz.kz/
Plassering
Plasseringa i Kasakhstan
Plasseringa i Kasakhstan

Ekibastuz (kasakhisk Екібастұз) er ein by nordaust i Kasakhstan i Pavlodar oblast med om lag 130 000 innbyggjarar.

Nær Ekibastus ligg det to kolkraftverk, GRES-1 og GRES-2, bygd under sovjettida. GRES-2 har den høgaste skorsteinen i verda med ei høgd på 419,7 meter.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ekibastus har opphavet sitt på 1800-talet då Kosym Psjembajev, ein kasakhstanar frå området, fekk i oppgåve av russiske handelsmenn å leite etter mineralressursar i området. Han fann eit stort kolfelt og markerte staden med to store klumpar med salt. Dette er opphavet til namnet til staden sidan Ekibastuz tyder «to klumpar med salt» på kasakhisk. Feltet vart raskt utbygd med gruver. Landsbyen som etter kvart dukka opp vart tilknytt jernbanesambandet i 1899.

Både den russiske revolusjonen i 1917 og dei to verdskrigane gjorde at landsbyen vart heilt forlate og først i 1948 byrja ein igjen å vinne ut kol i gruvene, og produksjonen tok seg kraftig opp. Berre i løpet av eitt år frå slutten av 1954 vart det vunne ut ein million tonn med kol.

Eksibastuz fekk bystatus 12. juli 1957. På denne tida hadde byen om lag 25 000 innbyggjarar.

I dag er Ekibastuz det største koldagbrotet i verda i det som er eit av dei største kolfelta i verda. Det inneheld framleis meir enn 13 milliardar tonn kol i eit område på 62 km². Altså er det her 74 millionar tonn kol per kvadratkilometer.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]