Ekornes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ekornes ASA er ein norsk møbelprodusent med hovudavdeling i Sykkylven. Ekornes er mest kjend for varemerka Stressless og Svane, og sel møblar i over 40 land, blant anna gjennom eigne salselskap.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ekornes vart starta i 1934 av Jens E. Ekornes som J. E. Ekornes Fjærfabrikk, fyrst med produksjon av fjører til møblar og madresser, men snart utvikla ein produksjon av madrasser, og dei fekk produktnamnet Svane.

I 1946 reiste Jens E. Ekornes til USA arbeidde ved ein madrassfabrikk for å lære meir om faget; han hadde òg tidlegare vore i USA. Tilbake i Sykkylven same året hadde han med seg òg nye maskiner frå USA. Året etter vart produksjonen av møbleldelar sett i gang. der han

På 1950-talet var madrassproduksjonen utvida, og Ekornes sette i gang produksjon av skumplast.

I siste halvdelen av 1960-talet tok produksjonen av salongmøblar til. Då satsa ein òg sterkt på marknadsføring, bl.a. med brosjyrer direkte sendt til husstandane.

I 1970 kutta Ekornes ned talet på forhandlarar frå 1200 til 200, og vart ein kort periode boykotta av møbelforhandlarforeininga for det. I 1971 kom Stressless i produksjon, og dermed gjekk Ekornes inn i ein særs ekspansiv periode. I 1977 var Ekornes blitt den største møbelprodusenten i Skandinavia, og Jens Petter Ekornes var ein administrerande direktør med høg medieprofil.

På 1980-talet gjorde Ekornes-konsernet fleire oppkjøp av andre fabrikkar. Minst vellukka var kjøpet av den svenske produsenten Ulferts AB, og konsernet fekk økonomiske problem. I 1987 gjekk Jens Petter Ekornes av som administrerande direktør, men kom tilbake i 1990 etter ein strid om strategiar og kontroll i selskapet. Ekornes hadde på denne tida økonomiske vanskar, men etter ulike omstruktureringar oppnådde Ekornes i 1994 overskot for fyrste gong sidan 1984. Seinare har produksjonen og overskotet auka, gjennom ulike effektiviseringsprosjekt og ny teknologi.

Produksjonseiningar[endre | endre wikiteksten]

Ekornes har i dag sju produksjonsselskap:

  • J.E.Ekornes AS har tre produksjonseiningar i Sykkylven med om lag 800 tilsette. J.E.Ekornes produserer Stressless-stolar og Stressless-sofaer, i tillegg til ulike møbelkomponentar og skumplast.
  • Ekornes Fetsund har eit anlegg på FetsundRomerike der ein produserer skumplast og Svane-madrassen. Der er om lag 160 tilsette.
  • Ekornes Møbler AS, avdeling Grodås, ligg i Hornindal i Nordfjord, og har om lag 90 tilsette. Bedrifta lagar trekomponent til sofaer og delar til Stressless.
  • Ekornes Møbler AS, avdeling Stranda, ligg på StrandaSunnmøre, og har om lag 80 tilsette. Bedrifta er tufta på dei tidlegare bedriftene Stranda Lenestolfabrikk AS og P.I. Langlos Fabrikker AS, som vart overtekne av Ekornes på 1970-talet. Bedrifta produserer sofaer.
  • Ekornes Møbler AS, avdeling Hareid, har 95 tilsette, og er tufta på deg gamle produsenten Utgård Mestermøbler AS som Ekornes overtok i 1996. Bedrifta produserer sofaer.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]