Sunnmøre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Møre og Romsdal fylke, med Sunnmøre markert i raudt.

Sunnmøre er eit distrikt som utgjer den sørlege delen av Møre og Romsdal fylke. Distriktet ligg mellom Nordfjord i sør og Romsdal i nord. Sunnmøre utgjorde tidlegare eit eige fogderi, Sunnmærafylki frå mellomalderen. I dag utgjer det to domssokn, Søre Sunnmøre og Sunnmøre, og tre prosti, Søre, Austre og Nordre Sunnmøre. På Sunnmøre ligg kommunane Ålesund, Vanylven, Sande, Herøy, Ulstein, Hareid, Volda, Ørsta, Ørskog, Norddal, Stranda, Stordal, Sykkylven, Skodje, Sula, Giske og Haram; til saman 5 232 km2 med 141 604 innbyggjarar (1/10-2014).

Landskapet på Sunnmøre er sterkt oppskore med fleire store og små øyar langs kysten. Dei største øyane er Hareidlandet og Gurskøya. Det er også fleire lange og tronge fjordar i området; særleg kjend er Geirangerfjorden som er 15 kilometer lang. I indre strøk, mellom fjordane og dalane innanfor, ligg høge, sterkt kuperte fjellområde. Den høgste fjelltoppen på Sunnmøre er Pyttegga på 1999 m.o.h.

Den største byen på Sunnmøre er Ålesund. I tillegg har området to andre byar: Ulsteinvik og Fosnavåg. Viktige større tettstader er Ørsta, Volda, Sykkylven, Hareid, Nordstrand (Valderøy), Stranda og Brattvåg.

Sunnmørsdialekten høyrer saman med nordfjordmål og sunnfjordmål til dei nordlege e-måla under dei vestlandske målføra — ei gruppe der romsdalsdialekten ofte også er rekna med. Folk frå Sunnmøre blir kalla for sunnmøringar.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namnet Sunnmøre' kjem av sunn- (av sud- norrønt suðr), det vil seie området sørom Møre.[treng kjelde] Møre viser då til havstykket Hustadvika utanfor Fræna.[treng kjelde] «Møre» kjem av av norrønt marr, 'hav, sjø'; bratt botnskråning utanfor strandområde i sjø eller vatn.[treng kjelde]

Administrative inndelingar[endre | endre wikiteksten]

Regionråd:

  • Sunnmøre regionråd: Alle kommunene på Sunnmøre. I tillegg kjem Sandøy og Vestnes i Romsdal.

Prosti i den norske kyrkja, alle under Møre bispedømme:

Kommunar på Sunnmøre[endre | endre wikiteksten]

Nr. Namn Adm.senter Folkemengd Flatevidd km² Målform
1504 Ålesund kommune Ålesund Ålesund 000000000045033.000000000045 033 98 Nøytral
1511 Vanylven kommune Vanylven Fiskåbygd 000000000003336.00000000003 336 385 Nynorsk
1514 Sande kommune Sande Larsnes 000000000002628.00000000002 628 93 Nynorsk
1515 Herøy kommune Herøy Fosnavåg 000000000008847.00000000008 847 120 Nynorsk
1516 Ulstein kommune Ulstein Ulsteinvik 000000000007927.00000000007 927 97 Nynorsk
1517 Hareid kommune Hareid Hareid 000000000005057.00000000005 057 82 Nynorsk
1519 Volda kommune Volda Volda 000000000008827.00000000008 827 547 Nynorsk
1520 Ørsta kommune Ørsta Ørsta 000000000010456.000000000010 456 805 Nynorsk
1523 Ørskog kommune Ørskog Sjøholt 000000000002267.00000000002 267 132 Nynorsk
1524 Norddal kommune Norddal Valldal 000000000001739.00000000001 739 944 Nynorsk
1525 Stranda kommune Stranda Stranda 000000000004610.00000000004 610 866 Nynorsk
1526 Stordal kommune Stordal Stordal 000000000001052.00000000001 052 247 Nynorsk
1528 Sykkylven kommune Sykkylven Sykkylven 000000000007673.00000000007 673 338 Nynorsk
1529 Skodje kommune Skodje Skodje 000000000004282.00000000004 282 120 Nynorsk
1531 Sula kommune Sula Langevåg 000000000008397.00000000008 397 59 Nynorsk
1532 Giske kommune Giske Valderøya 000000000007541.00000000007 541 40 Nynorsk
1534 Haram kommune Haram Brattvåg 000000000009020.00000000009 020 261 Nynorsk

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]