Ekvivalensprinsippet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ekvivalensprinsippet til Albert Einstein slår fast at dei lokale verknadane av eit gravitasjonsfelt er identiske med dei lokalet verknadane av ein uniform akselerasjon. Dette er eit sentralt prinsipp i den generelle relativitetsteori.

Dette inneber blant anna at den tunge massen til ein lekam (massen som gjev opphav til gravitasjon) og den trege massen til ein lekam (massen som gjev opphav til tregleik) må vere like. Ulike vitskapsmenn gjorde målingar for å finne ein skilnad. Isaac Newton og Friedrich Wilhelm Bessel målte til dømes svingetida til pendlar med ulik masse, men identisk lengd. Dei fann ingen målbar skilnad.

Ein av dei umiddelbare konsekvensane av ekvivalensprinsippet er at lysstråler vil vise seg å bli bøygd i eit gravitasjonsfelt. Einstein sin feltteori føreser til dømes at ei lysstråle vil bøyast mot sola med 1,75 bogesekund.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]