Elativ

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Elativ er eit kasus som blir brukt til å merke visse adverbiale setningsledd. Grunntydinga til elativ er ut av. Elativ finst i finsk og i andre austersjøfinske språk, og i fleire samiske språk, m.a. sørsamisk. Eit døme frå finsk er Tyttö otti kirjan laatikosta, «Jenta tok boka ut av skuffa» (laatikko «skuffe»). Elativ blir også brukt som objekt for visse verb, som pitää «like», Pidän sinusta «eg liker deg« (sinä «du»). Elativ i samisk og finsk skil seg frå kvarandre ved at den finske elativen er eit indre lokalkasus som kontrasterer med det ytre lokalkasuset ablativ, mens samiske språk ikkje har den skilnaden, slik at elativ her har eit større bruksområde.

Omgrepet kan òg nyttast om ein adjektivgrad som finst på m.a. arabisk og spansk, og semantisk ligg mellom komparativ og superlativ.