Elburz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Damavand, høgste fjelltoppen i Elburz

Elburz (persisK:‏البرز‎ Alborz) er ei fjellkjede i det nordlege Iran, mellom Kaspihavet og Iran-platået. Høgste fjelltoppen i Elburz er den 5 671 meter over havet høge vulkanen Damavand i den sentrale delen av fjellkjeda, nær hovudstaden Teheran, byen ligg rett ned for sørskråninga av Elburz.

Elburz strekker seg i retninga vest/aust, frå grensa til Armenia i vest mot grensa til Turkmenistan og Afghanistan i aust. Til saman er fjellkjeda om lag 600 kilometer lang og mellom 60 og 130 kilometer brei.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]