Elektrisk gneiste

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gneiste på ein plugg.

Ein elektrisk gneiste er ei form for elektrostatisk utlading som skjer når eit elektrisk felt skapar ein ionisert elektrisk leiande kanal i lufta med eit kort lysglimt og ein knitrande lyd som resultat. Ein gneiste oppstår når den elektriske feltstyrken overgår den dielektriske feltstyrken til lufta.[1] Dette medfører at talet på frie elektron og ion aukar i lufta, slik at lufta kortvarig vert elektrisk leiande gjennom dielektrisk nedbryting.

Lyn er eit døme på ein elektrisk gneiste i naturen, men elektriske gneistar, både store og små, kan opptre i og nær mange menneskeskapte lekamar, både med vilje og stundom som uhell.

Ei kontinuerleg utlading av elektrisk straum gjennom ein gass vert kalla ein elektrisk boge.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Meek, J. (1940). «A Theory of Spark Discharge». Physical Review 57: 722. Bibcode:1940PhRv...57..722M. doi:10.1103/PhysRev.57.722.