Elektrisk stol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Den fyrste elektriske stolen, der William Kemmler vart avretta i 1890

Den elektrisk stolen er ein avrettingsmetode der den dømde vert spent fast til ein stol og får festa ein elektrode til hovudet og ein til beinet. Han vert så gjeven (minst) to elektriske støytar, fyrst eitt på om lag 2000 volt for å verta medvitslaus, så eitt på kring 8 ampere. Det siste varmar kroppen opp til 59 °C og øydelegg dei indre organa.

Den fyrste avrettinga i den elektriske stolen vart gjort 6. august 1890. Han var vanleg i USA på 1900-talet, men var i 2004 berre tillaten i fem delstatar Alabama, Florida, Nebraska, South Carolina, Tennessee og Virginia. Den elektriske stolen har òg vore brukt på Filippinane.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.