Elin Ørjasæter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Elin Ørjasæter (fødd 25. februar 1962) er ein norsk kommentator, forfattar og tidlegare hovudjeger.

Ørjasæter er cand.philol. med hovudfag i økonomisk geografi. Ho har vore informasjonssjef i bank, personaldirektør i Damm forlag (2005–2007), hovudjeger i tre ulike selskap, der ho mellom anna rekrutterte leiarar til Nasjonalmuseet, Nationaltheatret, Oslo Filharmoniske orkester, Nasjonalbiblioteket og Festspillene i Bergen.

Ho vart i 2004 kjend for utsagnet om at kvinner ikkje vert valde som toppleiarar fordi dei ikkje er villige til å ofre alt for jobben, og at dei manglar «killer-instinktet» som ein toppsjef må ha.[1]

Ho arbeider i dag (2008) som spaltist i økonominettavisa E24. Ho har gjeve ut to barnebøker, i tillegg til Lederboka, hodejegerens beste tips som kom ut på Cappelen hausten 2008.

Ørjasæter er gift med den skjønnlitterære forfattaren Nils Gullak Horvei.

Fotnote[endre | endre wikiteksten]

  1. Aud Dalsegg og Ole Peder Giæver (2. september 2004). Hodejeger: Derfor får menn toppjobbene – Ofrer mer for jobben. Dagbladet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]