Nationaltheatret
Nationaltheatret i Oslo er, ved sida av Den Nationale Scene og Det Norske Teatret, ei av dei tre norske hovudscenene for teaterkunst. Bygningen som har fasadar i hovudsak av gul maskintegl og granitt, vart teikna av arkitekt Henrik Bull, som vann ei arkitekttevling om oppdraget i 1891. Den opphavlege teatersalen (Hovedscenen) er innreia i nyrokokkostil. I tillegg er det seinare innreia to andre scener i bygningen: Amfiscenen og Malersalen. Teatret opna den 1. september 1899. Bygningen vart freda etter lov om kulturminne i 1983. Bull teikna òg sjokoladen Lohengrin som frå 1911 og nokre år framover berre var til sals i Nationaltheatret.
Den første sjefen på Nationaltheatret var Bjørn Bjørnson, son til Bjørnstjerne Bjørnson. Teatersjef no (i 2009) er Hanne Tømta.
Den administrative delen av Torshovteatret er òg tillagt Nationaltheatret.
Teatersjefar [endre]
- 1899–1907 Bjørn Bjørnson
- 1908–1911 Vilhelm Krag
- 1911–1923 Halfdan Christensen
- 1923–1927 Bjørn Bjørnson
- 1928–1930 Einar Skavlan
- 1930–1933 Halfdan Christensen
- 1934–1941 Axel Otto Normann
- 1945–1946 Axel Otto Normann
- 1946–1960 Knut Hergel
- 1960–1961 Carl Fredrik Engelstad
- 1962–1967 Erik Kristen-Johanssen
- 1967–1978 Arild Brinchmann
- 1978–1986 Toralv Maurstad
- 1986–1988 Kjetil Bang-Hansen
- 1988–1990 Ellen Horn
- 1988–1990 Ole-Jørgen Nilsen
- 1988–1990 Sverre Rødahl
- 1990–1992 Stein Winge
- 1992–2000 Ellen Horn
- 2000–2008 Eirik Stubø
- 2009– Hanne Tømta
Sjå òg [endre]
Bakgrunnsstoff [endre]