Bærum kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bærum kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 0219
Fylke Akershus
Adm.senter Sandvika
Areal 191,3 km²
Folkemengd 116 677 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2011-) Lisbeth Hammer Krog (H)
Målform Bokmål
Nettstad www.baerum.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 0219.svg
Bærum kommune på Commons
Grinibrua mellom Oslo og Bærum
Lysakerelva på Lysaker
Foto: Kjetil Ree
Bærum rådhus i Sandvika.
Kolsåstoppen
Foto: Chell Hill
«Barnedåp i Tanum kyrkje» av Harriet Backer

Bærum er ein kommune i Akershus fylke. Kommunen har i sørvest grense til Asker kommune i Akershus fylke og Lier kommune kommune i Buskerud fylke, i nordvest til Hole og Ringerike i Buskerud fylke, i nordaust til Oslo med mellom anna Lysakerelva som grense, og i søraust til Nesodden kommune med grense i Oslofjorden. Kommunen har kystline mot Oslofjorden, og fleire av øyane i fjorden ligg til kommunen.

Namnet på kommunen kjem av norrønt Bergeimr eller Bergeimsherað, som truleg har vore eit bygdenamn, samansett av berg og heim. Kommunevåpenet syner ei stilisert utgåve av ein gamal kalkbrenningsomn av det slaget som står restaurert og freda på Brønnøya i Asker kommune, og har å gjere med at kalkbrenning var ei viktig verksemd i Bærum i tidlegare tider.

Til liks med grannekommunane Asker og Oslo er mesteparten av kommunen skog og utmark som for det meste høyrer til det administrative området som har nemninga Oslomarka; berre ein firedel av arealet er rekna som tettbygd. Arbeidsplassane ligg for det meste attmed fjorden på strekninga frå Lysaker på grensa til Oslo og sørvestover til og med Sandvika, med mellom anna ein konsentrasjon i og i kring Lysaker og på det nedlagte flyplassområdet Fornebu på halvøya Snarøya.

Administrasjonssentrum i kommunen er Sandvika, ein tettbygd stad med bystatus i den sørvestre luten av kommunen. Her ligg òg fleire statlege institusjonar som er sams for Asker kommune og Bærum kommune, som til dømes hovudkontoret for Asker og Bærum politidistrikt, Asker og Bærum tingrett, Sykehuset Asker og Bærum, likningskontor osb. Dei to kommunane Bærum og Asker har elles gått saman om slike kommunale oppgåver som brannvesen og vassforsyning. Saman med Asker og Oslo høyrer Bærum inn under Oslo bispedøme av Den norske kyrkja.

Aust i Bærum ligg Ila fengsel, forvarings- og sikringsanstalt, som under den tyske okkupasjonen under den andre verdskrigen vart kjend som krigsfangelægeret Grini.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Europavegen E 18 på strekninga frå Oslo til Drammen går gjennom Bærum som firefelts og til dels seksfelts veg, og er i Sandvika knytt saman med europaveg E 16 mot Hønefoss og over til Vestlandet. Jarnbanene Drammensbanen og Askerbanen går likeeins gjennom Bærum, og tettstadene i aust er knytt til T-banenettet i Oslo med ei line til Østerås og ei til Jar og Bekkestua. Jar og Bekkestua er òg knytt til trikkenettet i Oslo over Lilleakerbanen.

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Kjende personar frå Bærum kommune[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bærum kommune

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]