Elva Paraná

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Paraná
Paraná ved Candelaria i Misiones i Argentina
Paraná ved Candelaria i Misiones i Argentina
Utspring Paranaíba, Grande
Munning Río de la Plata
Land i nedslagsfelt Brasil, Argentina, Paraguay
Lengd 3700 km
Paraná - Kart over Paraná og dei viktigaste sideelvane.
Kart over Paraná og dei viktigaste sideelvane.

Paraná er ei elv i Sør-Amerika som renn gjennom Paraguay, Brasil og Argentina, fleire stader som grenseelv. Ho er rundt 3700 km lang og er dermed den andre lengste elva i verdsdelen. Namnet «Paraná» kjem frå guarani og tyder 'far til vatna', 'stort vatn' eller 'elv som likner havet'.

Elva har eit nedbørfelt på 2,34 mill. km². Ho blir danna der dei brasilianske elvane Paranaíbad og Rio Grande møtest ved 20°S. Ho munnar ut i Rio de la Plata. Det øvre løpet er ikkje seglbart. Ho er farbar for skip som stikk 7,2 m djupt til Rosario, og for skip opptil 2 m til Corrientes. Paraná har mange store fossar, den største er Salto Grande dei la Guaira som blir danna ved den bratte fjellkjeda ved grensa til Brasil.

Paraná dannar eit stykke grensa mellom Paraguay og Brasil og mellom Paraguay og Argentina. På grensa mellom Brasil og Paraguay finst den største kraftstasjonen i verda, Itaipu, som utnyttar dei rundt 120 m høge falla Salto Grande. Den oppdemde sjøen er rundt 170 km lang, og med magasin rundt 29 mrd. m³. Kraftproduksjonen blir delt likt mellom Brasil og Paraguay.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Elva Paraná

Kjelder[endre | endre wikiteksten]