Elverum folkehøgskule

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Elverum folkehøgskule på 1930-talet
Foto: Biletsamlinga til Nasjonalbiblioteket
Elverum folkehøgskole på 1930-talet
Foto: Biletsamlinga til Nasjonalbiblioteket

Elverum folkehøgskule er ein frilyndt folkehøgskule i Elverum kommune i Innlandet fylke. Skulen har plass til 130 elevar i året og er eigd av Peer Væringsaasens Nationalfond.

Elverum folkehøgskule var etablert i 1928 av Helge Væringsaasen. Skuleanlegget er bygd i tradisjonell østerdalsstil og ligg idyllisk til mellom Glomma og Sagtjernet, i gangavstand til Elverum sentrum. På skuleområdet er det eigen terrengpark for snowboard/ski, fotballbane, sandvolleyballbane. I nærleiken er store grøntareal. Ein kan bade og fiske ved Sagtjernet og Glomma. I sommarhalvåret blir det arrangert ulike kurs på skulen og utleige av rom.

Andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

9. april 1940 oppheldt Stortinget, Haakon VII og regjeringa Nygaardsvold seg på skulen. Her vart Elverumsfullmakta forma ut, og kong Haakon sa nei til å samarbeide med dei tyske invasjonsstyrkane og nei til å sette inn Vidkun Quisling som statsminister.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]