Glomma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Glomma
Kart over Glomma
Kart over Glomma
Utspring Aursunden nordaust for Røros
- Høgd 860 m
Munning Oslofjorden ved Fredrikstad
- Høgd 0 m
Land i nedslagsfelt Noreg
Lengd 604 km
Middelvassføring 698 m³/s
Nedslagsfelt 41 917 km²
Renn gjennom Elverum, Kongsvinger, Sarpsborg, Fredrikstad

Glomma eller Glåma (båe formene går attende på Glauma, jf. gno. Glaumr, òg Raumelf; både glaumr og raumr tyder «larm, dunder») er den lengste elva i Noreg med ei lengd på 604 km lang. Ho er ei meanderelv. Elva har utspringet sitt i Aursunden nordaust for Røros og munnar ut i Oslofjorden ved Fredrikstad. Glomma er hovudelv i vassdraget med same namn, som har eit totalt nedslagsfelt på 42 441 km² (der 422 km² ligg i Sverige). Ein kan merke seg at begge namneformene er autoriserte og brukt av Statens kartverk.

I mai-juni 1995 vart Glomma råka av den største flaumen på over 100 år. Flaumen fekk namnet Vesleofsen, sidan stort sett berre flaummerka frå Storofsen i 1789 var synlege over vassflata.

Bruken av elva[endre | endre wikiteksten]

Det har vorte fløyta tømmer på Glomma i lange tider. Fløytinga var på topp i 1952, då 14 millionar stokkar gjekk igjennom Glennetangen lense. Fløytinga stoppa ikkje før i 1985. Ved Eidet vart det bygd ein tømmertunnel for å leie tømmerstokkar som hadde drive inn i Vestvatnet vidare ned til Visterflo.

Vassdraget står for 10 TWh i årleg kraftproduksjon, som er 10 % av vasskraftproduksjonen i Noreg.

Glomma har vorte smitta av krepsepest, og bestanden av edelkreps har ikkje teke seg opp att trass i lang tids forbod mot krepsefiske. Fisket elles er godt. Gjedde, aure, sik, åbor, mort, brasme, laue, gjørs, regnbogeaure og lake er fiskeslag som det er mogeleg å fiske etter her.

Flaumhistorie i Glomma[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg: Vesleofsen

Flaumstein med merking av maksimal vassføring ved storflaumane er reist på Norsk Skogmuseum. Storofsen i 1789 er den største registrerte flaumen i Glomma. 31. mai 1995 kulminerte Vesleofsen med eit nivå 61 cm under flaumen i 1789. Dette var 9 cm høgare enn storflaumen i 1934.

Glåma i Sør Trøndelag[endre | endre wikiteksten]

I austre enden av Aursunden startar Glåma løpet sitt og passerer tettstaden Glåmos like etter utløpet frå Aursunden. Sideelva Orva som kjem frå Orvsjøen renn inn i Glåma ved Orvos.

Hitterelva (som kjem frå Djupsjøen/Stikkelen) og Håelva (som kjem frå Feragen/Håsjøen) renn inn i Glåma like ved Røros før Glåma passerer fylkesgrensa inn i Os i Østerdalen. I Sør-Trøndelag renn Glåma berre i Røros kommune.

Glåma i Sør Trøndelag er verna i samsvar med Verneplan IV for vassdrag.

Glåma i Hedmark[endre | endre wikiteksten]

Glåma gjennom Alvdal. Sideelva Folla renn inn frå vest (frå høgre)

Elva vert kalla Glåma sørover til Elverum og Glomma når ho renn inn i Solør like etter Elverum, før ho så renn inn i Odalen. Frå omtrent Alvdal til Solør vert dalføret kalla ØsterdalenGlåmdalen eller Glomdalen. Døme: Glomdalsmuseet i Elverum; avisa Glåmdalen i Kongsvinger; Glommen skogeierforening.

Viktigaste sideelv er Rena, som kjem frå Rendalen og renn saman med Glåma ved Rena i Åmot kommune etter å ha følgd eit parallelt løp i om lag 165 km.

20 km sør for Alvdal ligg Høyegga dam, ei 175 m brei og 10 m høg betongdemning der vatnet frå Glåma vert ført i ein 28 km lang tunnel til Rendalen kraftverk. Vatnet som vert tilført Glåma via elva Rena, har såleis delvis utspringet sitt i Glåma.

Glåma renn gjennom

Glomma ved Elverum.

Med sideelvane (inkludert Vorma) dekker Glomma så å sei heile Hedmark, med unntak av Trysil/Engerdal, små område i Tynset (Kvikne) og Eidskog, samt Rotna og Røgden vassdraga aust på Finnskogen. Når det er storflaum kan noko av flaumvatnet renne inn i Eidskog og dermed ende opp i Vänern og til slutt Göteborg, eit løp som er langt lengre.

Glomma i Akershus[endre | endre wikiteksten]

Glomma og Øyeren ved Fetsund.

Etter å ha gått inn i Akershus passerer elva Funnefoss kraftanlegg i Nes kommune og Rånåsfoss kraftstasjon i Sørum kommune.

Viktigaste sideelv er Vorma (med avløp frå Gudbrandsdalslågen og Mjøsa), som renn saman med Glomma ved Vormsund i Nes. Ved elvemøtet ligg Nes kyrkjeruiner.

Ved Sørumsand ligg Bingsfoss der det ligg eit kraftverk. Nedre Romerike Vannverk (NRV) tar vatn frå Bingsfoss og forsyner 100 000 abonnentar med drikkevatn.

Ved Fetsund går elva ut i sjøen Øyeren.

I Akershus renn Glomma i følgjande kommunar:

Glomma i Østfold[endre | endre wikiteksten]

Brua over Glomma i Fredrikstad
Sjå òg Mingevannet, Ågårdselva og Visterflo.

Ved Sarpsborg ligg Sarpsfossen.

Glomma deler seg i to løp, der det austre løpet går gjennom Sarpsborg og vidare til Fredrikstad. Det vestre løpet går gjennom Mingevannet i Sarpsborg, Isnesfjorden til Visterflo. Løpet frå Isnesfjorden til Visterflo heiter Ågårdselva. Like før Visterflo deler det vestre løpet seg i to, eit «hovudløp» som går til Rolvsøysund, der det igjen møter Glomma sitt austre løp, og eit mindre sideløp som går via Skinnerflo i Råde og renn ut i Fredrikstad. Industrien i Sarpsborg var i stor grad basert på vasskraft frå Sarpsfossen, den mest vassrike fossen i Nord-Europa, som i dag renn tvers igjennom sentrum av byen.

I Østfold renn Glomma gjennom følgjande kommunar:

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Glomma

Kjelder[endre | endre wikiteksten]