Enkeltpersonføretak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Enkeltpersonføretak er namnet som blir brukt om næringsverksemd drive for ein enkeltperson si rekning og risiko. Enkeltpersonforetak er ikkje eit selskap eller eit aksjeselskap. Eigaren av enkeltpersonføretaket pliktar i visse høve å registrere foretaket i Føretaksregisteret i Brønnøysund. Eit enkeltpersonføretak sitt føretaksnamn må innehalde eigaren sitt slektsnamn (etternamn).

Eigaren av enkeltpersonføretaket er fullt ut ansvarleg for føretaket sine forpliktelsar, også med si private formue. Motstykket til dette er at eigaren bestemmer alt i føretaket, som i utgangspunktet ikkje er bunde av særlege lover eller reglar. Det gjeld likevel visse krav viss enkeltpersonføretaket har meir enn 30 tilsette, mellom anna med krav til representasjon for dei tilsette i leiinga i føretaket.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]