Enrico Betti
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Enrico Betti (21. oktober 1823–11. august 1892) var ein italiensk matematikar.
Han var mesteparten av livet sitt professor i Pisa, men var ei kortare tid i det politiske livet som deuptert og senator. Betti tok først opp likningsteori og siden funksjonsteorien. Gjennom påverknad av Bernhard Riemann vart Betti interessert i topologi, og i 1871 offentleggjorde han det grunnleggande arbeidet der han innfører dei såkalla bettiske tala. Dei samla verka hans utkom i to bind i 1903 og 1913.
Kjelder [endre]
- Enrico Betti. (2011-11-10) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/Enrico_Betti