Erich Kästner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For krigsveteranen og juristen, sjå Erich Kästner
Kästner-minnesmerke i Dresden

Erich Kästner (23. februar 189929. juli 1974) var ein av dei mest berømte tyske forfattarane i det tjuande hundreåret, kjend for eit breitt publikum for satiriske dikt og humørfylte, skarpsindige barnebøker.

Kästner voks opp i ein handverkarfamilie i Dresden, og tok lærarutdanning 1913-19; avbrote av at han 1917-1918 deltok i eit artillerikompani i fyrste verdskrigen. Krigen gjorde sterkt inntrykk på han, og han vart pasifist. Etter krigen studerte han tysk historie og teatervitskap ved Universität Leipzig. Han tok doktorgrad i 1925 på ei avhandling om Fredrik II og tysk litteratur, og arbeidde deretter som journalist og kritikar.

Han var mellom anna tilknytt veketidsskriftet Die Weltbühne, som vart leia av Kura Tucholsky og seinare Carl von Ossietzky. Forfattarskapen er utprega antifascistisk, med spor av retninga Neue Sachlichkeit. Han skreiv òg lettare komediar.

Kästners mest kjende barnebok er Emil og detektivane frå 1928. Boka var oppsiktsvekkjande for samtida i og med den realistiske samtidsskildringa frå bymiljøa; tidlegare spenningslitteratur for barn vart gjerne lagt til eksotiske eller eventyrlege miljø. Boka vart raskt ein suksess, og er omsett til nærare 60 språk. Den fyrste filmen vart laga i 1931. Kästner skreiv òg Lise og Lotte eller omvendt frå 1949, som er førelegget for filmen Foreldrefellen frå 1998 med Lindsay Lohan i hovudrolla.

Kästner vart i 1959 tildelt stort fortenstkors av Forbundsrepublikken Tysklands fortenstorden.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Herz auf Taille, 1928
  • Emil und die Detektive, 1928 (norsk: Emil og detektivane)
  • Lärm im Spiegel, 1929
  • Ein Mann gibt Auskunft, 1930
  • Arthur mit dei longa Arm, 1931
  • Pünktchen und Anton, 1931 (norsk: Prikken og Anton)
  • Der 35. Mai, 1931 (norsk: Den 35. mai)
  • Das verhexte Telefon, 1932
  • Fabian. Die Geschichte eines Moralisten, 1932 (norsk: Fabian)
  • Gesang zwischen den Stühlen, 1932
  • Das fliegende Klassenzimmer, 1933 (norsk: Det flygande klasseværelset)
  • Drei Männer im Schnee, 1934
  • Emil und die drei Zwillinge 1934 (norsk: Emil og dei tre tvillingane)
  • Die verschwundene Miniatur, 1935
  • Doktor Erich Kästners Lyrische Hausapotheke 1936
  • Georg und die Zwischenfälle, 1938
  • Das doppelte Lottchen, 1949 (norsk: Lise og Lotte eller omvendt)
  • Die Konferenz der Tiare, 1949
  • Die dreizehn Monate, 1955
  • Die Schule der Diktatoren, 1957
  • Als ich ein kleiner Junge war, 1957
  • Notabene 45, ein Tagebuch, 1961
  • Das Schwein beim Friseur, 1962
  • Der kleine Mann, 1963
  • Der kleine Mann und die kleine Miss, 1967 (norsk: Milli og Peter Millimeter)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Erich Kästner


Kjelde[endre | endre wikiteksten]