Fredrik II av Preussen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fredrik II
Friedrich Zweite Alt.jpg
Konge av Preussen; Kurfyrste av Brandenburg
Regjeringstid 1740-1786
Fødd 24. januar 1712
Fødestad Berlin
Død 17. august 1786
Dødsstad Potsdam
Gravlagd Sanssouci i Potsdam
Føregjengar Fredrik Vilhelm I
Etterfølgjar Fredrik Vilhelm II
Gemalinne Elisabeth Christine av Brunswick-Bevern
Dynasti Huset Hohenzollern
Far Fredrik Vilhelm I
Mor Sofia Dorothea av Hannover

Fredrik II, kalla Fredrik den store, (fødd  24. januar 1712 i Berlin, død 17. august 1786 i Potsdam) var konge av Preussen frå 1740 til 1786. Han var son av Fredrik Vilhelm I, og bror av dronning Louisa Ulrika av Sverige.

Tidlege år[endre | endre wikiteksten]

Fredrik var fødd i Berlin og var son av Fredrik Vilhelm I, den såkalla «soldatkongen» som oppretta ein stor armé og utvikla ein effektiv stat. Mor hans var Sofia Dorothea av Hannover (1687–1757). I motsetnad til mannen sin hadde Sofia gode manerar og var godt utdanna. Morfaren hans, kurfyrst Georg, var arving av dronning Anne av Storbritannia som Georg etterfølgde i 1714 som kong Georg I av Storbritannia.

På den tida då Fredrik vart fødd, hadde husa Brandenburg og Hannover stor velstand. Fredrik vart ønskt velkommen med stor glede frå bestefare sidan to av barnebarna hans hadde døydd i ung alder. Fredrik Vilhelm ønskte at sønene og døtrene hans ikkje skulle utdannast som prinsar og prinsesser, men som barn av vanlege folk. Han hadde sjølv vorte utdanna av ei fransk kvinne, madame de Montbail som seinare vart madame de Rocoulle, og han ønsket at ho skulle utdanne barna hans òg. Fredrik vart opplærd av hugenottiske guvernanter og huslærarar og lærte fransk og tysk samstundes. Det vart seinare gjerne sagt at han snakka fransk betre enn tysk. Fransk var òg det språket han føretrekte å tale.

Som kronprins viste Fredrik lidenskapelege interesser for fransk litteratur, poesi, filosofi og italiensk musikk. Dette gjorde hans far mistenksam. Han såg helst at sonen hadde meir «maskuline» interesser som jakt og riding. Han kalla sonen sin ein «feminin kar» og utsette han for blodig og audmjukande juling. Då han var 18, planla Fredrik å flykte til England med nokre vener, alle lågare offiserar i hæren. Men han avslørte flukta si og vart arrestert saman med vennen Hans Hermann von Katte. Det vart reist forræderisak mot både prinsen og Katte sidan dei var offiserar i den prøyssiske hæren og hadde prøvd å flykte frå Preussen. Ifølgje tiltalen skal dei til og med ha klekka ut ein plan om å alliere seg med Storbritannia mot den prøyssiske kongen. Prinsen vart truga med dødsstraff og kongen utelukka ikkje ei avretting. Den stolte prinsen måtte bøye seg for kravet til faren. Fredrik vart tvinga til å sjå på at venen Katte vart halshogd den 6. november 1730 og vart nøye overvaka i åra som følgde.

Fredrik som ung

Den einaste måten som Fredrik kunne blidgjere far sin (og få tilbake tittelen som kronprins), var gjennom ekteskap med Elisabeth Christine von Braunschweig-Bevern 12. juni 1733. Dette ufrivillige ekteskapet gav ingen barn sidan Fredrik hovudsakleg ignorerte kona si etter at han vart konge. Sjølv om Voltaire hinta om at Fredrik var homoseksuell, er der ingen bevis for dette.

Etter denne krisa i forholdet med kongen på byrjinga av 1730-åra, inngjekk far og son ein kjølig fred seint på 30-talet. Fredrik Vilhelm gav sonen sin slottet Rheinsberg nord for Berlin. I Rheinsberg samla Fredrik musikarar skodespelarar og andre kunstnarar. Han nytta mykje av tida si med å lese, sjå på dramatiske skodespel, lage og lytte til musikk og han rekna denne tida som ei av dei lykkelegaste i livet sitt.

Verka til Niccolò Machiavelli, som Fyrsten, vart rekna som ei rettleiing til oppførselen til ein fyrste på Fredrik si tid. I 1739 fullførte Fredrik sin Antimachiavel, ou Examen du Prince de Machiavel, eit skrift der han motsette seg Machiavelli. Det vart publisert anonymt i 1740, men vart truleg spreidd av Voltaire.

Tida som konge[endre | endre wikiteksten]

Som konge hadde ikkje Fredrik noko visjon om eit samla Tyskland. Dette måtte vente til Bismarck planla samlingskrigane eit hundreår seinare. Fredrik mål var å betre Preussen. For å nå dette målet, utkjempa han hovudsakleg krigane sine mot Austerrike, der Habsburg-dynastiet herska som keisarar av det Det tysk-romerske riket nesten kontinuerleg frå 1400-talet til 1806. Fredrik etablerte Brandenburg-Preussen som den femte og minste stormakta i Europa ved å bruke ressursane far hans hadde gjort tilgjengeleg. I 100 år gjorde den austerriksk-prøyssiske rivaliseringa eit samla Tyskland umogeleg før Preussen sigra over Austerrike i 1866.

Fredrik som feltherre

Fredrik leia dei prøyssiske styrkane under den austerrikske arvefølgjekrigen (1740–1748), sjuårskrigen (1756–1763) og i den bayerske arvefølgjekrigen (1778), ikkje berre som konge, men òg som militær kommandant i felten. Han hadde stor suksess på slagmarken, og blir av mange sett på som ein av dei største militære leiarane gjennom tidene. Mellom andre Napoleon såg på Fredrik som det største taktiske geniet i historia. Enno viktigare var dei operasjonelle suksessane hans, særleg ved å hindre samlinga av overlegne fiendehærar og ved å vere på rett stad til rett tid for å halde fiendtlege hærar ute av kjerneområda i Preussen.

Fredrik klarte å betre Preussen frå å vere ein bakgard i Europa og gjorde landet til ein økonomisk sterk og politisk reformert stat. Han innlemma Schlesien i det prøyssiske kongeriket for å gje den nye industrien i Preussen råmateriale, og han verna desse industriane med høg skatt og minimale restriksjonar på intern handel. Kanalar vart bygd, myrer vart drenert slik at dei kunne nyttast til landbruksjord og nye avlingar, som potet og nepe. Med hjelp frå franske ekspertar, reorganiserte han systemet med indirekte skatt som gav staten meir inntekt enn direkte skatt. Han avskaffa tortur og gav vid religiøs fridom, sjølv om han sjølv ikkje brydde seg noko særleg om religion. Han gav staten sin eit moderne byråkrati, og lovene for embetsverket var basert på respekt for lov og etikk i tillegg til ærekjensle i yrket. Denne arva vart gjeve vidare til den moderne tyske staten og er hovudårsaka til kvifor han framleis vert sett opp til som ein stor statsmann i Tyskland.

Utan eigne barn vart le Fredrik etterfølgd av nevøen sin, kong Fredrik Vilhelm II.

Kunstnaren[endre | endre wikiteksten]

Statue av Fredrik den store på Hohenzollern-borga

Fredrik var ein dyktig musikar. Han spelte tverrfløyte og komponerte hundre sonatar for fløyte i tillegg til fire symfoniar. Hoffmusikarane hans var mellom andre Carl Philipp Emanuel Bach, Johann Joachim Quantz og Franz Benda. Eit møte med Johann Sebastian Bach i 1747 i Potsdam fekk Bach til å skrive Musikalisches Opfer.

Han ønskte òg å vere ein filosof-konge som den romerske keisaren Marcus Aurelius. Han heldt seg tett opp mot den franske opplysinga og beundra mest av alt ein av dei største franske tenkjarane, Voltaire, som han ofte korresponderte med. Deira personlege venskap kjølna derimot etter Voltaire vitja han i Berlin og Potsdam i 1750-1753.

Fredrik den store inviterte Joseph-Louis Lagrange til å etterfølgje Leonhard Euler ved akademiet i Berlin.

I tillegg til morsmålet tysk, snakka han fransk, engelsk, spansk, portugisisk og italiensk. Han forstod òg latin, antikk og moderne gresk og hebraisk. Seinare i livet lærte han seg baskisk, slavisk og kinesisk.

Arv[endre | endre wikiteksten]

Fredrik fekk konstruert kjende bygningar i Berlin, der nesten alt eksisterer den dag i dag, slik som Statsoperaen i Berlin, det kongelege bibliotek (i dag Staatsbibliothek zu Berlin), Sankt Hedwigskathedrale, dei franske og tyske domena på Gendarmenmarkt og prins Henrik sitt slott (no sete for Humboldt-Universität zu Berlin). Men kongen føretrekte å vere sommarresidensen i Potsdam der han bygde slottet Sanssouci, den viktigaste bygningen i nordtysk rokokko.

Fredrik er framleis ein kontroversiell figur i Tyskland og Sentral-Europa. Han kalla seg den «fremste tenar av staten», men den austerrikske keisarinna Maria Theresia kalla han «den onde mannen i Sanssouci». Han var begge delar: Ein opplyst herskar og ein omsynslaus despot. Gjennom reformer, krig og den første delinga av Polen (1772) endra han staten Brandenburg-Preussen til ei europeisk stormakt.

Fredrik trudde ikkje på kongar sin guddommelege rett og gjekk ofte i gamle militære uniformer som var forskjellige frå den overdrivne franske stilen. Han meinte at krona berre var «ein hatt som slapp regnet inn».

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Under styret til Fredrik II førte sjuårskrigen og annekteringa av Schlesien til store endringar i økonomien. Sirkulasjonen av devaluert valuta heldt prisane høge. For å gje thaleren ny verdi, vart myntvedtaket av mai 1763 foreslått. Denne stabiliserte kursen til devaluerte myntar som vart akseptert og gav høve for betaling i myntar i verdiar frå før krigen. Dette vart i det nordlege Tyskland erstatta av reichsthaler, verdt ein fjerdedel av ein konvensjonsthaler. Preussen brukte ein thaler som bestod av fjorten kølnermark i sølv. Mange andre herskarar følgde snart i fotspora til Fredrik i å reformere deira eigne mynteiningar, noko som førte til mangel i valuta.

Kjelder og litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Fredrik II av Preussen
Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Fredrik II av Preussen