Erik Bjølseth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Erik Bjølseth
Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. februar 1931
Død

19. mai 1993 (62 år)
Elverum

Idrett friidrett

Erik Bjølseth (20. februar 193119. mai 1993) var ein norsk friidrettsutøvar frå Elverum i Hedmark. Han sette norsk rekord på 400 meter under NM i friidrett 1954. Bjølseth var medlem i Elverum IL.

Ved EM i friidrett 1950 sprang Bjølseth den fyrste etappen for det norske mannskapet som ikkje klarte å kvalifisere seg til finalen i 4 x 100 meter stafett. Vel heimkomen fekk han notert 10,8 og livsbeste på 100 meter ved eit stemne i Trysil den 1. oktober. På 200 m sette han i 195 personleg rekord med eit løp på 22,2 sekund.

Under noregsmeisterskapen i Sarpsborg den 15. august 1954 sletta Bjølseth den nitten år gamle noregsrekorden til Hjalmar Johannesen på 400 meter. Bjølseth, sterkt pressa av Kjell Mangset, forbetra då rekorden med tre tidels sekund til 48,3 sekund. Eit knapt år seinare sletta Audun Boysen noregsrekorden hans.

Medaljar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]