Erling Fløtten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Erling Fløtten (20. november 193728. oktober 2010) var ein norsk politikar for Arbeidarpartiet.

Erling Fløtten vart fødd i Kirkenes. Han var fylkesordførar i Finnmark mellom 1987 og 1995. Deretter var han regionaldirektør for NHO si Finnmarksavdeling, til han gjekk av med pensjon i 2007. Som fylkesordførar skreiv han under på den første samarbeidsavtalen mellom Finnmark og Murmansk Oblast i 1988.[1]

I 2009 melde Fløtten seg ut av Arbeidarpartiet, etter at han ikkje vart attvald i styret for Finnmarkseigedomen (FeFo).[2]

Fløtten var også sjakkspelar i Vadsø Sjakklubb, og var president i Norges Sjakkforbund 1997-1998. I den tredje runda i Verdsmeisterskapen i sjakk for seniorar i 2010 i Arco i Italia, fall Fløtten om ved sjakkbordet, og trass i at lege kom raskt til, stod livet ikkje til å redde.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lieungh, Erik (29. oktober 2010), Erling Fløtten er død, NRK, http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/troms_og_finnmark/1.7359177, henta 30. oktober 2010 
  2. Jordal, Ingerid (26. mars 2009), Aldri mer politikk, http://www.finnmarken.no/lokale_nyheter/article4223909.ece, henta 30. oktober 2010 
  3. Valaker, Ole (30. oktober 2010), Nordmann døde under sjakk-VM, http://www.nettavisen.no/sjakk/article3017465.ece, henta 30. oktober 2010