Ekte tofrøbladingar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Eudicotyledonae)
Ekte tofrøbladingar
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrike: Viridiplantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Klade: Ekte tofrøbladingar eudicots

Eigentlege eller ekte tofrøbladingar (Eudicotyledoneae) er ei gruppe i moderne biologisk systematikk (APG II-systemet frå 2003) som utgjer ein av dei tre store kladane i klassen tofrøblada plantar. Gruppa omfattar rundt 75 000 artar, og utgjer rundt 25 % av alle karplantar på jorda.

Skjematisk framstilling av ein typisk ekte tofrøblading.

Eit avleidd fellestrekk for dei ekte tofrøblada plantane er at dei har pollen med tre opningar i karakteristiske furer. Andre utbreidde fellestrekk er at frøet som oftast gror med to frøblad, og at bladet som oftast har fjør- eller handmønstra nervestrukturar.[1]

Fylogenetisk oversikt[endre | endre wikiteksten]

Inndelinga under viser det ein til no veit om slektskapstilhøva i hierarkisk skrivemåte (familiane som har norske navn er gjevne i parentes):

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Johannes Lid, Dagny Tande Lid, Reidar Elven (red), Norsk flora, Oslo 2006, side 150. Oppgjeve av Wikipedia på bokmål.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]