Plantar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Plantar


Hortensia
Blad og skot frå Hortensia

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Plantae
Rekkjer
Mosar:

Karsporeplantar:

Frøplantar:

Vitskapleg namn
Plantae

Plantar er ei stor gruppe fleircella eukaryotar som primært driv fotosyntese og veks på land. Somme artar er sekundært tilpassa vatn (vassplantar) eller lever som parasittar på andre organismar. Planteomgrepet har tidlegare òg vore brukt om sopp, alger og ymse bakteriar (særleg dei fotosyntetiserande cyanobakteriane), men vert i dag hovudsakleg nytta om dei såkalla landplantane og etterkommarane deira.

Me reknar med tre grunnleggjande plantegrupper; mosar, karsporeplantar (kråkefotplantar, snelleplantar og bregner) og frøplantar. Dei dannar saman ein viktig del av grunnlaget for liv på landjorda, gjennom å vera basis for særs mange næringskjeder. Plantar er såleis viktige for menneske som mat, men ein nyttar dei òg til dekorasjon, som brensel og byggemateriale.

Ein reknar med at det finst om lag 350 000 ulike planteartar. I 2004 var 287 655 av dei vitskapleg beskrivne.

Oppbygnad[endre | endre wikiteksten]

Blåveis er ein urt med blomar og vanlege blad på ulike stenglar.

Dei fleste plantar er bygd opp av blad, stengel og rot. Slike plantar kallar me kormofyttar. Unnataket er somme mosar som har thallus, det vil seie udifferensiert og «flakvis» oppbygnad.

Røter[endre | endre wikiteksten]

Røter absorberer vatn og næringsstoff frå jordsmonnet og forankrar planten på ein særskild stad. Ofte vert dei òg nytta til lagring av næringsstoff. Dei fleste plantar lever mutualistisk med såkalla mykorrhiza; sopp som veks i og på røtene til planten og hjelpar han å skaffa vatn og næring frå jordsmonnet mot å få del i sukkerprodukta som planten produserer med fotosyntese. Mykorrhiza har vorte funne i om lag 95 % av alle plantefamiliar. Ein reknar med at fenomenet har vore viktig i plantane si kolonisering av landjorda.

Moser manglar ekte røter, men har såkalla rhizoidar. Desse har om lag same funksjon som det dei ekte røtene har, men er langt tynnare og manglar sil- og vedrøyr.

Stengel[endre | endre wikiteksten]

Stenglar (ofte kalla stomnar hjå vedplantar) utgjer «skjelettet» til planten. Desse strukturane har som hovudoppgåve å løfta sporangium, blome, frø og blad opp frå bakken, og å syta for transport av vatn og næring til dei.

Karplantar har vedrøyr (xylem) og silrøyr (phloem) i stenglane sine. Vedrøyra består av daudt vev, og vert nytta til å transportera vatn. Silrøyra fraktar næringsstoff, særleg sukker, til dei ulike delane av planten. Det finst liknande strukturar i somme moseartar, men desse er ikkje i slekt.

Ein delar plantar inn i urter og vedplantar etter korleis stengelen vert avstiva. Urter har etter regelen saft som skapar eit hydrostatisk trykk, medan vedplantar vert stabilisert av årlege avsetningar i fast stoff.

Blad[endre | endre wikiteksten]

Blada er opphavleg strukturar spesialisert for fotosyntese. Som regel er desse tynne for å sleppa inn lys, og har porer (stoma) som dei tek opp CO2 og slepp ut oksygen med. Som ei tilpassing mot tørke og eit vern mot planteetarar har blada hjå dei fleste plantane dessutan eit meir eller mindre tjukt vokslag me kallar kutikula.

Blomar er òg opphavleg blad, men dei er sterkt omdanna og vert stort sett berre nytta til formeiring.

Livssyklus[endre | endre wikiteksten]

Livssyklusen til ei bregne.

Plantar har ein såkalla sporisk livssyklus, det vil seie at dei vekslar mellom to ulike generasjonar: Ein haploid med eit enkelt sett kromosom, og ein diploid kor kromosoma opptrer i par.

Den haploide generasjonen vert kalla ein gametofytt og er det dominerande livsstadiet hjå mosane. Karsporeplantar har mindre gametofyttar som ofte ikkje er fotosyntetiserande i det heile. Hjå frøplantane er det haploide stadiet sterkt redusert, og opptrer berre som fåcella individ som så godt som aldri slepp ut av frøa eller pollenkorna dei veks i. Gametofyttar produserer egg- og sædceller, og finst både som særbu (særkjønna) og sambu (tvekjønna).

Den diploide generasjonen vert kalla ein sporofytt og dominerer hjå karsporeplantar og frøplantar. Denne veks fram av ei samansmelting av ei hann- og ei ho-kjønnscelle, og produserer haploide sporar det kan veksa gametofyttar av. Hjå mosane er sporofytten som regel ein utvekst på mor-gametofytten, medan karplantar har dei som viktigaste eller einaste fotosyntetiserande stadium.

Mange plantar formeirar seg derimot vegetativt; det vil seie utan seksuell rekombinasjon av gen. Heilt aseksuelle plantar (til dømes løvetann) har berre eitt livsstadium, det diploide.

Økologi[endre | endre wikiteksten]

Plantane dannar grunnlaget for dei fleste næringskjedene på land gjennom fotosyntese. Dette er ein prosess kor dei vinn ut karbon frå atmosfæren ved hjelp av sollys. Dei tek opp karbondioksid som reagerer med vatn, og dannar glukose som vert nytta i stoffskiftet til plantane. Eit avfallsprodukt av reaksjonen er oksygen.

Plantar vert etne av planteetarar. Dette er dyr, sopp, protistar og bakteriar som et og bryt ned dei oppsamla sukkerprodukta til plantane for å danna energi. Mange planteetarar gjer skade på plantane dei et på, noko som har ført til ei lang rekke spesialiseringar for å unngå beite: Mange plantar har utvikla sterke giftstoff, andre har piggar eller tilsvarande mekaniske avskrekkingsmekanismar, somme er kjemisk vanskelege å bryta ned og ein del lever mutualistisk med dyr (til dømes maur) som forsvarar planten mot å få einerett på næring frå han.

Blomsterplantar produserer nektar for å lokka til seg insekt som kan spreie pollenet deira. Koevolusjon mellom insekt og plantar har ført til stor artsrikdom innanfor begge grupper, med at ulike insekttypar gjerne føretrekk ulike blomar. Naturleg utval har favorisert blomar som tiltrekkjer seg særskilde slag insekt; viss ein flugeart føretrekk blomar av ein særskild art er det større sjanse for at pollenet fluga ber med seg er av riktig slag til å befrukta eggcella til blomen.

Evolusjon[endre | endre wikiteksten]

Cooksonia er ein av dei tidlegaste karplantane me kjenner. Slekta er utdøydd i dag

Dei fleste forskarar er einige om at plantane stammar frå grønalgane. Molekylære data og fossilfunn tyder på at dei to gruppene skilde lag i Ordovicium for om lag 480-440 millionar år sidan. Den evolusjonære plasseringa til desse gruppene i høve til resten av eukaryotane er særs usikker.

Dei mest primitive landplantane me har i dag er anten levermosane eller nålkapselmosane. Karplantar (plantar med ekte leiingsvev for vatn og næring) utvikla seg frå bladmosane i silurtida, og gjorde stor suksess. Den eldste nolevande gruppa karplantar er kråkefotplantar, seinare skilde òg snelleplantar og bregner seg ut.

Ekte frøplantar dukka opp i slutten av karbontida og har vore viktige sidan. Fram til midten av krittida var det hovudsakleg nakenfrøingar (m.a. bartre, gingkotre, konglepalmer) som dominerte, før hovudrolla gradvis gjekk over til dekkfrøingane eller blomsterplantane. Utviklinga av blomar med insektbestøving var særs vellukka, og førte til ei enorm evolusjonær framgang både for plantane og insekta.

Gras oppstod i tidleg tertiærtid, men vart ikkje vanleg før for om lag 35 millionar år sidan.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder og referansar[endre | endre wikiteksten]