Eugenio Barsanti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Eugenio Barsanti (12. oktober 182119. april 1864) var ein italensk ingeniør, kjent som ein pioner innan utviklinga av motorar med intern forbrenning.

Barsanti vart født i Pietrasanta i Toscana, gjekk på skule i nærleiken a Lucca i Toscana. I 1838 tok han til som lærling ved den katolske piaristorenen i Firenze, som hadde ei positiv handning til vetskaplege studiar. I 1841 vart han lærar ved Collegio San Michele i Volterra. Det heiter at det var då han i samband med undervisninga forklarte korleis ei blanding av luft og hydrogen dannar ein eksplosiv gass (knallgass) at han fyrst kom til å tenkja på at ein slik gass kunne nyttast for å driva ein motor.

Noko seinare møtte han Felice Matteucci, som arbeidde med hydraulikk og forklarte han om hugskotet sitt. Dei to ingeniørane tok til å utvikla ein motor med intern forbrenning og dette samarbeidet heldt fram heilt til Barsanti døydde i 1864. For soga om dette samarbeidet sjå artikkelen Barsanti og Matteucci.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]