Eukaryotar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Eukaryotar |
||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Domene: | Eukaryotar Whittaker og Margulis, 1978 | |
| Rike | ||
Eukaryotar er éin- eller fleircella organismar kjenneteikna av indre membranar, eit celleskjelett og mange celleorganeller som ikkje finst i prokaryote celler. Dei viktigaste eukarote celleorganella er cellekjernen (nukleus), endoplasmatisk retikulum, golgiapparatet, celleskjelettet, mitokondriar, kloroplastar og flimmerhår (ciliar).
Domenet har fått namnet sitt etter den tydelege cellekjerna gjennom samansettinga av gresk ευ, 'god, ekte' og κάρυον, 'nøtt'. Inni kjerna finn ein arvematerialet DNA ordna i kromosom. I prokaryotar ligg derimot arvematerialet spreidd rundt i cella.

