FIDE-meister i sjakk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
FIDE-meister i sjakk (FM) (FIDE Master på engelsk) er ein sjakktittel som blir delt ut av Verdssjakkforbundet FIDE til sjakkspelarar, vanlegvis fordi desse har oppnådd FIDE-rating på 2300 eller meir på ei offisiell FIDE ratingliste.
Tittelen rangerer under Stormeister i sjakk og Internasjonal Meister i sjakk, men over Kandidatmeister (CM). Tittelen er livsvarig, og er open for både kvinner og menn.
Ein blir også tildelt tittelen etter følgjane resultat i sjakkturneringar. [1]:
- 66.66% skåre eller betre over 9 parti i ein Sjakkolympiade (lag-VM i sjakk)
- 66.66% skåre eller betre over 7 parti i VM eller kontinentalcup for lag
- Delt førsteplass (opp til 3 stk) i VM for Ungdom i klassane U-16/14/12/10
- Sølvmedalje i VM for blinde, døve eller handikappa (dette er tre ulike turneringar)
- Delt førsteplass (opp til 3 stk) i U-20 utgåva av VM for blinde, døve eller handikappa
- Delt førsteplass (opp til 3 stk) i kontinentalmeisterskap, den sørøstasiatiske eller arabiske mesterskapen
- 50% eller betre over 9 parti i soneturnering i sjakk.
- Gullmedalje i VM for amatørar
Det er pr 1. januar 2009 meir enn 5309 sjakkspelarar i verda med tittelen FIDE-meister.[2]
Pr same dato, 1.1.2009 er det 42 norske sjakkspelarar som har tittelen FIDE-meister.[1] Av desse er 27 aktive.[2]