Fartsgrense
Fartsgrense er den høgaste farten eit køyretøy har lov til å køyre på ei viss vegstrekning. Ho er fastsett gjennom trafikkreglar, og har typisk samanheng med vegtype og omgjevnader. Ofte blir fartsgrensa signalisert gjennom vegskilt frå der ei viss grense gjeld, men det finst også standardiserte fartsgrenser som kan også gjelda der det ikkje er skilt.
Innhaldsliste |
[endre] Soge
Den første fartsgrensa blei innført i Storbritannia i 1861, då ho blei sett til 10 miles i timen (16 km/t) for dei nye bilane som hadde byrja køyra på vegane. I 1865 blei ho senka til 6 km/t på landet og 3 km/t i byar. I 1896 blei ho heva til 14 miles i timen, om lag 22,5 km/t. Denne hendinga blir markert årleg med eit veteranbilkortesje frå London til Brighton.
[endre] Fastsetjing av fartsgrenser
Fartsgrensa er avhengig av kor mykje trafikk det er på staden, til dømes om ein er i eit bustadområde eller på ein landeveg, og kvaliteten på vegen, der til dømes motorveg tillet mykje høgare fart enn elles. Tyskland er kjend for sin Autobahn der det i mange høve ikkje er sett ei øvre fartsgrense. Nokre stader set ein også ei nedre fartsgrense ettersom ein meiner seine køyretøy vil vera ein fare i trafikken. Dette gjer ein til dømes ved å forby traktorar, hestekjerrer og liknande på motorvegar.
[endre] Overvaking
Ein kan sjå etter at fartsgrensa blir halden gjennom automatisk overvaking eller radarkontroll utført av politi. I Noreg er det Utrykningspolitiet som passar på at fartsgrensene ikkje vert brotne. Dersom dei måler for høg fart på ein sjåfør, får han som regel ei fartsbot.
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Speed limit» frå Wikipedia på engelsk, den 26. april 2011.