Fedafjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 58°14′40″N 6°47′28″E

Fedafjorden
Kvina renn ut i Fedafjorden

Fedafjorden er ein fjord i kommunane Flekkefjord, Farsund og Kvinesdal. Han er ei fortsetjing av Listafjorden og har innløp sør for Andabeløya. Fjorden strekkjer seg 15 km inn til Øye, der elva Kvina munnar ut.

Fjorden heitte tidlegare Kvinesfjorden (norrønt: Hvínisfjǫrðr, opphavleg Hvínir, laga til elvenamnet Kvina).[1]

Like etter innløpet stikk Stolsfjorden seg nordover på austsida av Andabeløya. Han held fram som Lafjord inn til Flekkefjord og vidare her frå som Grisefjorden.

Dei ytste delane av fjorden dannar grensa mellom Farsund og Flekkefjord, medan grensene til både Farsund, Flekkefjord og Kvinesdal møter kvarandre der Fedafjorden held fram austover etter innløpet til Stolsfjorden. Grensa mellom Farsund og Kvinesdal følgjer midten av fjorden vel ein kilometer innover før resten av fjorden vert liggande i Kvinesdal kommune.

Eit godt stykke inn i fjorden ligg tettstaden Feda, som fjorden har namn etter, på nordsida. Frå her følgjer Europaveg 39 vegen inn til botn av fjorden ved Øye. Her ligg hamneområdet Leirvika. På andre sida av fjorden går Riksveg 465 mellom Øye og Farsund. I august 2006 opna den 566 meter lange Fedafjorden bru som går over fjorden og dannar ein del av det nye vegprosjektet på E39 mellom Flekkefjord og Lyngdal.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ole Bernt Syvertsen (1997) «Kvinesdal» – i: Norsk stadnamnleksikon, 4.. utg. (red. Jørn Sandnes, Ola Stemhaug), s. 273 – Samlaget, Oslo. ISBN 9788252149050.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Fedafjorden