Kvinesdal kommune

Koordinatar: 58°18′56.5″N 6°57′51.2″E / 58.315694°N 6.964222°E / 58.315694; 6.964222
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kvinesdal kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Agder
Adm.senter Liknes
Areal 963 km²
 - land 893 km²
 - vatn 70 km²
Folketal 6 192  (1. januar 2024)
Målform nøytral
Ordførar Per Sverre Kvinlaug (KrF)
Kommunenr. 4227
Kart
Kvinesdal kommune
58°20′17″N 7°01′23″E / 58.338055555556°N 7.0230555555556°E / 58.338055555556; 7.0230555555556
Wikimedia Commons: Kvinesdal
Nettstad: www.kvinesdal.kommune.no

Kvinesdal er ein kommune i Agder fylke. 46 % av innbyggjarane bur i tettbygde strok. Kommunen sitt administrasjonssenter heiter Liknes. Her møtest dei to elvene Kvina og Litleåna som renn ut i Fedafjorden. Namnet til kommunen kjem av dalføret Kvinesdal der elva Kvina renn.

Kvinesdal har kontakt til kysten via Fedafjorden og grensar til Bygland i Aust-Agder fylke i nord. I vest grensar kommunen til Flekkefjord og Sirdal, i aust til Åseral og Hægebostad, i sør til Lyngdal og Farsund.

Tettstader[endre | endre wikiteksten]

Historia til kommunen[endre | endre wikiteksten]

Frå 1837 til 1840 utgjorde områda Liknes og Feda Kvinesdal formannskapsdistrikt. I 1841 vart òg Fjotland ein del av dette. I 1858 vart Fjotland igjen eigen kommune, og var det heilt fram til 1963.

Frå 1858 til 1899 utgjorde Liknes og Feda Kvinesdal kommune. Frå 1900 skilde de to kommunane lag. Frå 1900 til 1916 var namnet Liknes i bruk, men i 1917 skifta Liknes kommune namn til Kvinesdal.

Frå 1963 vart dei tre kommunane igjen slegne saman til Kvinesdal kommune.

Gruvesamfunnet Knaben[endre | endre wikiteksten]

Utsikt mot Knaben sentrum
Foto: 91

Nord i Kvinesdal ligg det nedlagde gruvesamfunnet Knaben. Molybdengruvene var i drift frå 1885 til 1973. Molybden vert mellom anna nytta i stållegeringer til våpenproduksjon. Under den andre verdskrigen vart difor 1 000 tyske soldatar sett til å vakta anlegget. Dei allierte gjennomførte bombetokt mot Knaben, men lukkast ikkje i sine forsøk på å stoppa gruvedrifta.

Sarons Dal[endre | endre wikiteksten]

Sarons Dal ved Litlåna i Kvinesdal er hovudsenteret for stiftinga Troens Bevis Verdens Evangelisering (TBVE), som er ein misjonsorganisasjon bygd opp av evangelisten Aril Edvardsen. I Sarons Dal er det bibelskule, badeland, campinghytter og ein møtehall med plass til over 4 000 menneske. Frå senteret vert kring 1 000 misjonærar i mange land styrt. 12 timar i døgnet vert kristne program send ut til sjåarar over heile verda.

Amerika-kontakt[endre | endre wikiteksten]

Mange i Kvinesdal har tydeleg preg av nær kontakt med USA. Ein ser det på byggeskikk, på juledekorasjonar i hagar, på bilparken og høyrer det på språklege detaljar. Bagasjerommet på bilen kallar nokre for «trunk». Gutenamn som Andy, Stanley og Steven og jentenamn som Alice, Gladys og Sherry er nok meir utbreidd her enn gjennomsnittleg for Noreg. 10 % av alle busett i Kvinesdal er amerikanske statsborgarar, og kvart år vert det skipa til ein utvandrarfestival.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

58°18′56.5″N 6°57′51.2″E / 58.315694°N 6.964222°E / 58.315694; 6.964222