Feldberg
| Feldberg | |
|---|---|
| Høgd over havet | 1 493 moh |
| Ligg i/på | Baden-Württemberg i Tyskland |
| Fjellkjede | Schwarzwald |
| Koordinatar | Koordinatar: |
Feldberg er det høgaste fjellet i Schwarzwald, og det høgaste fjellet i Tyskland utanfor Alpane med ei høgd på 1 493 meter over havet. Freiburg im Breisgau er den næraste byen.
Feldberg vert òg nytta som namn på to mindre fjell i Hochtaunuskreis 300 km lenger nord, Kleiner Feldberg (825 m) og Großer Feldberg (880 m).
Feldberg er i tillegg namnet på eit lokalt landsbysamfunn som består av landsbyane Bärental, Feldberg, Falkau, Altglashütten og Neuglashütten.
Innhaldsliste |
Geografi [endre]
Feldberg ligg søraust for Freiburg im Breisgau, og er omringa av landsbysamfunna Hinterzarten, Titisee, Menzenschwand, Bernau og Todtnau. Frå den høgaste toppen går det eit platå 2 km mot søraust til toppen Seebuck (1 448 m). Frå her går ein djup dal mot nordaust, der ein mellom anna finn innsjøen Feldsee. Andre djupe dalar rundt Feldberg er Zastlertal i nordvest og Wiesental i sørvest.
Klima [endre]
Den årlege middeltemperaturen er rundt 3 °C. Den normale årsnedbøren er på 2 114 mm, og det meste av dette kjem som snø. August er den einaste månaden som ikkje har hatt snøfall på toppen.
Sport og fritid [endre]
Feldberg er det største skisenteret i Tyskland utanfor Alpane. Den første skiheisen vart bygd her i 1907. I dag er det om lag 28 skiheisar og over 50 km med utforløyper på fjellet. Turisme er derfor hovudnæringa til innbyggjarane ved fjellet.
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelde [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Feldberg (Black Forest) frå Engelsk Wikipedia .