Freiburg im Breisgau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Freiburg
Freiburg vom Schlossberg.jpg
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Freiburg im Breisgau
Freiburg im Breisgau is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Baden-Württemberg
Freiburg
Kreisfri by
Grunnlagd 1100-talet
Ordførar Dieter Salomon (Bündnis 90/Die Grünen)
Geografi
Flatevidd
 - By

153,07 km²
Innbyggjarar
 - By (2012)
   - folketettleik

218 043
  1 424/km²
Koordinatar 47°59′0″N 7°51′0″EKoordinatar: 47°59′0″N 7°51′0″E
Høgd over havet 278 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 79098–79117
Telefon-retningsnummer 0761, 07664, 07665
Bilnummer FR
Heimeside: www.freiburg.de

Freiburg im Breisgau er ein by i Tyskland i delstaten Baden-Württemberg med om lag 218 000 innbyggjarar. Byen ligg i området Breisgau vest i Schwarzwald. Freiburg er kjend som den varmaste byen i Tyskland. Elva Dreisam renn gjennom byen, som ligg ved foten av fjellet Schlossberg. Rundt byen ligg fjella Rosskopf og Bromberg i aust, og i sør og vest Schönberg, Tuniberg og Kaiserstuhl.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Domkyrkja Münster i Freiburg frå mellomalderen

Freiburg vart grunnlagd på 1100-talet av hertug Konrad av Zähringen som ein fri handelsby (derfor namnet). Han låg strategisk til ved kryssingspunktet mellom handelsvegane mellom Middelhavet og Nordsjøen, og Rhinen og Donau. I 1368 kjøpte Freiburg seg laus frå den lokale hertugen, og søkte vern hos Habsburg, som stort sett lét byen vere sjølvstendig.

Rundt 1200 bygde byen domkyrkja Münster over ei tidlegare kyrkje. Slutten av mellomalderen og byrjinga av renessansen var ei tid med både framgang og tragediar i Freiburg.

I 1457 oppretta Hertug Albrecht VI Albert-Ludwigs-Universität, eit av dei eldste universiteta i Tyskland. I 1520 gjorde byen fleire rettslege reformer, som vert sett på som å vere før si tid. Dei prøvde å balansere mellom dei gamle bytradisjonane og dei gamle romerske lovene. Reformene vart godt tatt imot, særleg innan sivilrett, straff og vedtektene til byen.

I 1520 valde Freiburg å ikkje godta reformasjonen og vart eit viktig senter for katolisismen i Oberrhein. I 1536 førte trua på hekseri til dei første heksejaktane. Ei trong for å finne årsaka til tragediar som Svartedauden førte til auka omfang av heksejakta, som nådde toppen i 1599. Ein plakett på den gamle bymuren viser kor brenninga vart utført.

1600- til 1800-talet var ei turbulent tid i Freiburg. Som følgje av kampar under trettiårskrigen og andre konfliktar høyrte byen i periodar til både Austerrike, Frankrike, Sverige, Spania og Tyskland. I ein periode mellom 1648 og 1805 var han administrasjonsstad for Vorderösterreich og Habsburgområda sørvest i Tyskland, då han ikkje var under fransk okkupasjon. I 1805 vart byen, i lag med Breisgau og Ortenau, ein del av Baden.

I 1827, då erkebispedømet Freiburg vart oppretta, vart Freiburg sete for ein romersk-katolsk erkebiskop.

I 1889 måtte heile byen evakuerast då det illeluktande stoffet thioacetone vart produsert i eit laboratorium.

22. oktober 1940 gav den nazistiske Gauleiter av Baden ordre om å deportere alle jødar i Baden, 360 av dei i Freiburg, til den sørfranske interneringsleiren Camp de Gurs i Basses-Pyrénées. Dei fleste overlevde dei dårlege forholda i leiren, men vart sende til Auschwitz 18. juli 1942, der dei døydde. Gravstaden for dei tyske jødane som døydde i Gurs er vedlikehalden av Freiburg og andre byar i Baden. Eit minnesmerke står utanfor den moderne synagogen i sentrum av byen.

Byen vart utsett for kraftige bombeåtak under den andre verdskrigen. I 1940 slapp tyske fly grunna eit mistak om lag 60 bomber nær jernbanestasjonen i Freiburg. Eit alliert bombetokt i november 1944 øydela store delar av byen. Det meste av byen vart jamna med jorda bortsett frå domkyrkja. Etter krigen vart byen bygd opp slik han hadde vore før krigen. Han var ei kort tid sete for styresmaktene i den tyske staden Baden, som vart slått saman til Baden-Württemberg kort tid etter. Han vart okkupert av den franske hæren i 1945. Dei hadde styrkar her fram til 1991.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Freiburg im Breisgau

Kjelder[endre | endre wikiteksten]