Feltritt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Terrengritt er ein av dei tre delane i eit feltritt. Foto: Ronald C. Yochum Jr

Feltritt er ei konkurransegrein innan hestesport. Der er tre ulike delprøver i feltritt: Dressurriding, sprangriding og terrengritt. Reglane for dressur- og sprangdelen tilsvarar vanleg dressur og sprang, medan terrengrittet er sett saman av faste hinder ute i terrenget. Dømminga i feltritt er basert på straffepoeng, og ekvipasjen som har færrast straffepoeng til slutt vinn tevlinga. Terrengdelen har størst innverknad på sluttresultatet, deretter dressurprøva og til slutt sprangprøva. Alle tre går føre seg på same stemne, ofte fordelt over tre dagar. Feltritt er OL-grein.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Norges Rytterforbund om feltritt

Store norske leksikon om feltritt

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.